Vartdalsfjorden – nei til utviding av fiskeanlegg

Aqua Farm Vartdal har søkt om å få utvide anlegga sine ved Bjørndal og Slettvika. Dei bør heller redusere verksemda si, meiner Naturvernforbundet.

fiskoppdrettsanlegg

Ørsta kommune sin arealplan blei vedtatt i 1991. Sidan då har ein lært mykje om naturen også i havet. Den naturkrisa vi no opplever på mange område blir ikkje løyst med gamal medisin. Ny kartlegging må gjerast, så ein får vite kva som blir påverka, ikkje berre under fiskeanlegga, men i fjordsystema.

Naturvernforbundet rår til at søknaden om utvida areal blir avslått.

Naturvernforbundet i Ørsta og Volda si fråsegn kan du lese under.