Vassdrag i kommuneplanarbeidet

Fråsegn til Averøy kommune 6. mars 2009.

Av avisoppslag ser det ut til at vassdrag kan bli tema i samband med kommuneplanarbeid. Spenstige planar om opprensking og meir til er skildra.

Naturvernforbundet vil gjere merksam på at vassdrag er eit viktig element for biologisk mangfald. Det gjeld både vasslevande organismar, insekt, dyr, fugl og planter. Då tenkjer vi ikkje vassystem type Venezia, men helst naturlege sig, bekkar og elver der elvebreidden ofte er noko «uryddig». Det er vel det som er utgangspunktet i Averøy.

Elles ser vi av www.naturbase.no at det er påvist elvemusling i eit mindre vassdrag like vest for Bruhagen. Arten står på raudlista og er dessutan freda, og er svært sårbar for stort sett all aktivitet som har til hensikt å endre noko i eit vassdrag. Sidan arten finst ein stad, må ein undersøke eventuelle andre strekningar med tanke på om denne arten finst også fleire stader.

Naturvernforbundet ber difor om at det blir gjort grundige undersøkingar av vassdraga som kan bli aktuelle å gjere noko med. Det gjeld også utløpsosar og brakkvassonar om dette kjem inn i biletet.

Med helsing

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Kontaktperson for denne saka er fylkesleiar Øystein Folden, telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Svar frå Averøy kommune