Vassdraga i Rauma

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Magne Vik har eit innlegg i Åndalsnes Avis 24.1. som det er på sin plass å seie noko til.

1. Kor langt strekk grunneigarretten seg?

Ein grunneigar i sentrum får ikkje lov til å bygge hus med 15 etasjar. Kvifor ikkje? Fordi samfunnet ikkje gir han lov. Ein strandeigar får ikkje lov å bygge hytte ved sjøen. Ein skogeigar får ikkje lov å bygge veg til fjells. Areala våre høyrer til ein viss grad til fellesskapet, og forvaltast i samsvar med det. Såleis også med elvar og bekkar. Dette er ein del av fellesskapet. Når samfunnet får vurdert kva vi treng av slike verdiar, vil det vere mogleg å få gjere noko med resten, og då er det grunneigaren som har høvet framfor alle dei andre.

Grunneigarar har også plikter. Mellom anna har vi ei felles plikt til å passe på at det biologiske mangfaldet held fram. Ein del artar er knytt til spesielle miljø. Forsvinn miljøet, forsvinn også arten. Når ein veit at svært mykje medisin har sitt opphav i planter, sopp, lav og mosar, seier det seg sjølv at tap av artar er tap av moglegheiter i framtida. Transplantasjon av organ er t.d. mogleg som følgje av ein lav funnen på Hardangervidda.

2. Vassdragsplan.

Rauma kommune har vore framsynte og vedtatt ein plan for vassdraga i kommunen. Det er ulike omsyn som ligg til grunn. Såleis er ein del vassdrag plassert i raud sone – vassdrag som ingen kan rekne med å få bygge ut. Nokre har hamna der fordi det er naturverdiar som er store, nokre fordi dei har ”postkortverdi”, nokre på grunn av store friluftsinteresser. Så har vi den gule sona, vassdrag som det er uvisst om kan byggast ut. I alle fall kan ein rekne med at det blir stilt store krav til undersøkingar av verdiane knytt til vassdraget. Nokre av vassdraga må ein då rekne med ikkje skal byggast ut. Grøn sone inneheld dei vassdraga der det er sannsynleg at det kan gjevast løyve til utbygging. Berdalselva låg med bakgrunn i fagrapporten an til å hamne i raud sone, slik som Herjevatnet, men hamna i gul sone fordi det var registrert interesse for utbygging. Det kan seiast mykje om ei slik vurdering, særleg når eigar av kraftselskapet som har interessene i Herjevassdraget er kommunen, men det får vere til ein annan gong.

3. Vilkåra for landbruket.

Viss det er vasskrafta som skal berge landbruket, då blir det dårleg med landbruk. Det er det same som å legge ned 9 av 10 gardsbruk og legge alt rennande vatn i røyr. Med ein slik tankegang kan ein jo like gjerne bygge ein stor dam rett ovanfor Åndalsnes og så kan alle saman flytte til byen og setje på lyset innadørs og sjå bekkane som historiske filmar i tv-ruta. Viss vasskrafta er einaste løysinga for å berge landbruket, då får vi heller legge ned landbruket. Det finst andre måtar å legge til rette for landbruket på.

4. Grenser for vern

Vik veit sikkert at han ikkje kan bygge hus så nære tomtegrensa si som han vil. Han kan heller ikkje la trea på si tomt vekse høge og ta utsikten til naboen. Når det er tale om utbygging nær opp til eit landskapsvernområde er det noko av det same som gjeld. Landskapsvernområdet har fått vern som følgje av at det der er spesielle verdiar knytt til landskapet. Tiltak som går ut over desse verneverdiane er eit inngrep som ein ikkje utan vidare kan godta, sjølv om dei ligg utanfor grensa.

5. Løysingar på kraftbehovet

Elles marknadsfører Magne Vik vasskrafta som rein. Kraftprodusentane har fått ein oppstrammar av Forbrukarombodet og får lov å kalle vasskrafta fornybar, men ord som miljøvennleg, rein eller grøn får dei ikkje lov å bruke. Elles må det vere lov å seie at utbyggarsida legg opp til at Naturvernforbundet seier mest nei for tida. Prosjekta med minst miljøpåverknad er alt bygd ut i stor grad. Når småkraftverkrørsla framleis vil bygge ut vassdrag og tar for seg av vassdraga med høgare miljøverdiar, kan ein vel ikkje vente anna.

Naturvernforbundet går ikkje berre mot ting. Når det gjeld energiforsyninga i Møre og Romsdal har vi vist løysinga også. Dette har i alle fall kosta oss eit månadsverk med dugnadsarbeid. Då er det dårleg gjort å bli skulda for å vere mot alle prosjekt for produksjon av ”rein energi”. Skal ein tale om rein energi er vel spart energi som kan nyttast til noko anna det næraste vi kjem.

Våre løysingar finst i ein rapport på www.naturvern.no under ”Publikasjoner”. Det skal vere råd å gjennomføre desse tiltaka økonomisk og ikkje minst tempomessig. Det er meir enn ein kan seie om luftige planar om gasskraftverk, vindkraftanlegg og store kraftliner. I Naturvernforbundet si løysing ligg det og vasskraft, men dei løyva som er gitt dei siste par åra vil bortimot oppfylle det vi har rekna med. Vi har god råd til å spare dei mest verdifulle vassdraga våre frå utbygging slik at også seinare generasjonar får glede seg over fullverdige landskap. Det kan vere bra å ha slike verdiar å glede seg over når innstrammingane kjem som følgje av tilpassingane til det klimaet vårt tåler.

I rapporten står det mellom anna noko om biobrensel. Utviklinga på det området kan bli interessant for grunneigarane, og då ikkje berre elveeigarane. Men det er vel best om Naturvernforbundet ikkje seier meir om den saka sidan Senterpartiet har varsla at dei no er mot alt det Naturvernforbundet er for.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid for bevaring av vassdraga våre

Lesarinnlegg i Åndalsnes Avis 24. januar 2008