Vassdragsafari på Sunnmøre

Naturvernforbundet i Ørsta og Volda arrangerte vassdragsafari til Sunnylven i Stranda kommune. Det vart ein flott tur via indrefileten i sunnmørsk fjord- og fjellandskap.

Laurdag 30. august inviterte Naturvernforbundet i Ørsta og Volda til gaida vassdragsafari til Sunnylven i Stranda kommune. Vi fylte ein minibuss frå Volda og fekk ein flott tur via Hjørundfjorden og Norangsdalen – indrefileten i sunnmørsk fjord- og fjellandskap.

Undervegs på turen vart det orientert om fjell, fjord, vatn og elvar langs ruta – med særleg vekt på elvereguleringar. Både dei som alt er gjennomførte, dei som har blitt heilt eller delvis stogga og ikkje minst om nye planar i området. Dette har som kjent vorte ei svært aktuell sak att. Det siste året har fleire politiske parti foreslått utbygging i vassdrag som har hatt status som «varig verna» i fleire tiår.

Turgruppa på Øye i Norangsfjorden (Foto: Liisa Mänd)
Lokallagsleiar Torgeir Parr Dimmen studerer kartet (Foto: Liisa Mänd)

Målet for turen var Vatnedalsvatnet inst i Frøysadalen. Frå enden av vegen tok turen opp dit om lag ein time på god sti. Dette er eit stort fjellvatn som lokale kraftutbyggarar no har byrja å snuse på som mogleg hovudkjelde for ei ny utbygging. Enn så lenge er vatnet og elva ned til dalen urørt, og vi hadde ein fin rast der med nistemat, fiske, og ein dukkert for dei sprekaste.

Lokallaget arrangerte denne turen saman med fylkeslaget til Naturvernforbundet som vårt bidrag på den nasjonale aksjonsdagen STÅ OPP FOR NATUR OG MILJØ før Stortingsvalet.

Verneveteran Knut Festø orienterer (Foto: Liisa Mänd)
På veg opp til vatnet (Foto: Torgeir P. Dimmen)