Vassdragsvern – Grøvuhelga

Grøvuhelga i Sunndal vil også vere ein del av vassdragsvernarrangementa som Naturvernforbundet gjerne ser at flest mogleg får med seg dette året.

Seterkursa og verksemda på Inner Gammelsetra er eit resultat av tidlegare vassdragskamp, då nokon ville setje Grøvudalen under vatn. Vassdragsvenner kjempa – og vann.

Kampen om vassdraga er ikkje over. Det er stadig nokre som trur vi treng meir straum. Det er stadig nye forslag til å nytte ut mellom anna vassdrag sidan vasskraft er fornybar kraft. Ein del av programmet vil handle om nettopp slike aktuelle spørsmål.