Vassdragsvern på Vollasetra

Helga 10. – 12. august 2007 hadde Vassdragsvernrådet i Naturvernforbundet samling på Vollasetra i Sunndal med synfaring av vassdraget Erga og Kråka som det er meldt utbyggingsplanar for og Åmotan som er verna for all framtid.

Vassdragsvernrådet arbeidar for at norsk vassdragsnatur og biologisk mangfald skal bli tatt vare på i tilstrekkeleg grad. I samband med dette vel ein ofte ut eit vassdrag som ein ser nærare på når ein likevel skal arbeide med vassdragssaker generelt. Dette året var det Erga som blei vald for ein litt grundigare synfaring.

Erga har ei rad viktige verdiar det er mykje om å gjere å ta vare på.

– iaugefallande landskapselement, delvis synleg frå hovudveg

– fugleliv med store kvalitetar

– planteliv med store kvalitetar

– kulturspor med store restverdiar

– stor verdi for friluftslivet

– store urørtverdiar

– store delar av nedslagsfeltet er alt verna

– eit av få vassdrag i denne storleiken som er att i Sunndal

Utanom verneområda er det ingen andre vassdrag i Sunndal som har så store verdiar i eit breitt spekter som Erga. Det er andre vassdrag i Sunndal som også må vernast mot utbygging i tillegg til Erga. Vassdraga som kastar seg utfor fjellet på nordsida ved Grøa er praktfulle landskapselement og døme på dette. Den manglande Ottemfossen og ei rad andre striper som mangla vatn nedetter fjellsidene er monument som fortel noko om kva landskapet blir utan vatn.

Under synfaringa av dei øvre fossefalla i Erga fann vi ein del kalkvegetasjon. Kalk i grunnen saman med fosserøyk og skuggeparti tilseier at det kan vere truga artar av blomster, sopp og mose i desse områda. Det er tale om ein naturtype vi har lite av og som er truga. Grunnlaget for meldinga til utbygginga sa ikkje noko i den retninga.

Sjølve inntaksdammen ser også ut til å bli eit betydeleg element i eit område som ikkje har særlege spor frå før. Både dam, vasspegl og overføringskanal vil vere synlege frå nærast heile nedslagsfeltet. Når ein kjem oppetter lia og inn i fjellområdet vil dammen framstå som ein vegg der det i dag er flott innsyn med livleg vatn.

Elles har området store alternative verdiar innan naturbasert reiselivsnæring. Det bør vere fullt mogleg å utvikle dette til ei god næring for fleire personar i området.

Vassdragsvernrådet arbeidar også for at vår eigen organisasjon og andre organisasjonar som har felles interesse med oss kan få rusta opp valde til å lage betre høyringsfråsegner i vassdragssaker. Naturvernforbundet og fleire andre organisasjonar har såpass kompetanse på slike spørsmål at våre innspel tilfører viktige argument til sakshandsaminga i NVE. Det er difor ønskjeleg at fleire saker får slike innspel. Det ligg i løypa eit slik kurs for Sogn og Fjordane og Hordaland, eit for Møre og Romsdal og eit halde på Austlandet. Det er då mest aktuelt med dagskurs. 3-4 innlegg og arbeidsgrupper som i løpet av ein dag lagar fråsegn i konkrete saker.

Biologisk mangfald knytt til vassdragsnatur er eit stort tema i organisasjonen framover. For folk flest seier ikkje biologisk mangfald særleg mykje. På dette området står det mykje arbeide framføre, og det er viktig både i seg sjølv og for attverande vassdragsnatur.

For meir informasjon kan leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal kontaktast på telefon 91 81 25 42. Terje Kronen, leiar i Vassdragsvernrådet i Naturvernforbundet har telefon 97 51 46 83. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Øystein Folden og Terje Kronen i øvre del av fossane i Erga i Sunndal. Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Terje Kronen er leiar av Vassdragsvernrådet i Norges Naturvernforbund.

Øvre del av fossane i Erga

Øvre foss nær planlagd dam i Erga i Sunndal.

Øvre del av fossane i Erga med Langbakksetra

Erga i Sunndal

Reppfossen i Åmotan.

Åmotan i Sunndal

Svøufossen i Åmotan

Øystein Folden og Terje Kronen på Jenstad, over Åmotan.

Nøkkelbiotop i øvre del av fossane i Erga i Sunndal: Skyggeparti med kalkholdig grunn og fosserøyk.

Øvre foss nær planlagd dam i Erga i Sunndal.

Vollasetra – KNT-hytte i Trollheimen

Utsyn mot planlagd dam i Erga

Terje Kronen foran øvre del av fossene i Erga

Gulsildre ved øvre del av Erga i Sunndal

Erga frå riksvegen

Øvre del av fossane i Erga

Øystein Solevåg ved planlagt dam i Erga

Øystein Folden botaniserer ved Erga i Sunndal

Øystein Folden ved øvre del av Erga i Sunndal