Vasskraft i bøtter og spann – kva kan vi gjere?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Småkraftverksøknadene strøymar på fortare enn vi klarer å bruke opp straumen. På same måten som dei store fossane blei bygde ut før vi skjøna heilt kva som skjedde er det no med småvassdraga. Her må alle hender og føter i arbeid slik at vi i større grad kan sortere vassdrag med høg verdi frå dei andre. Vasskraftnæringa skal ikkje få lov til å ta frå oss dei mest verdifulle områda med vatn.

Nyleg var det eit skriveseminar i Sogn og Fjordane. Seminaret tar sikte på at fleire kan skrive fråsegner og gjere viktig arbeid slik at naturverdiar kjem fram før det er for seint. Tanken bak seminaret er så enkel som at vi bruker ei konkret sak, går gjennom ulike sider ved søknaden og anna dokumentasjon vi måtte ha og rett og slett skriv ei fråsegn etter ein mal/momentliste. Dette kan mange få til, anten dei kjem frå NJFF, DNT eller andre vener av natur og friluftsliv. I vår eigen samanheng vil både kontaktpersonar og lokallag ha glede av dette. Neste fråsegna vil deltakarane kunne gjere sjølv, men det vil truleg vere råd å få hjelp til å sjå gjennom resultatet og få tilbakemeldingar før noko blir sendt. På den måten kan det bli fleire som sender fråsegner. Det viser seg å hjelpe i nokre saker.

Det er mogleg å få til tilsvarande seminar i Hordaland og Møre og Romsdal i næraste framtid. Informasjon om seminaret vil bli lagt ut på www.naturvern.no/ under aktuelt fylke. Seminaret kostar lite å vere med på og kunnskapen kan og nyttast til fråsegner innan andre tema.

Øystein Folden

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen