Vasskraft og Reinset

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Ordførar Reinset vil gjerne bygge ut meir vasskraft. Naturvernforbundet ser seg nøydde til å gå litt nærare inn på argumentasjonen han har om dette ”miljøvennlege” alternativet.

Fornybar energi

Vatn er fornybart. Vassdragsnatur er det ikkje. Når areal blir demt ned og elver kjem bort, er ikkje dette utan vidare fornybart. I Sunndal og dei fleste andre stadene har vi i hundre år no lagt elver i røyr. Det er ikkje så mykje att. ”Sunndal – vill og vakker” har vi sett kommunen marknadsfører seg med – snart er det ”Sunndal – tam og tørr”.

Energiformer av noko omfang som er fornybare er biobrensel og solenergi, det siste mest aktuelt for hytta. Varmepumpe liknar ein heil del, men bruker litt straum for å lage meir straum. Verken vasskraft eller vindkraft er fornybar i den forstand at arealbruken er uproblematisk.

Samla vassdragsvurdering

Ordførar Reinset har sagt ved fleire høve at det ikkje er behov for ei samla vurdering av kva vassdrag som kan byggast ut og kva vassdrag som skal vere att. Det er mogleg Reinset har klart for seg korleis denne sorteringa i Sunndal skal vere. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sagt i alle år at slik plan trengst ikkje, dei har oversikt seier dei. Så har vi i alle år sett at dei tillet utbygging av alt etter kvart som det løner seg, om det ikkje kjem lenkegjengar i vegen. NVE er ikkje til å stole på – dei legg glatt siste vassdråpen i røyr og viser stolt fram bilete av korleis vilt vatn kan bli til fine demningar og kilowatt til aluminium.

Det må vere eit demokratisk problem at ei slik samla vurdering berre skal finnast oppe i hovudet til ordførar Reinset. Naturvernforbundet ønskjer ikkje å legge seg i lenkjer for å berge småvassdraga frå utbygging, men kan hende blir vi nøydde. Det er ei uverdig form for demokrati. Viss det blir nødvendig med lokalbefolkninga i lenkegjeng, då blir det spor i lokalsamfunna som kommunen kjem til å slite lenge med. Det er ditt ansvar ordførar Reinset å unngå det. Vær så snill ordførar Reinset – lag ei samla vurdering før det blir slik!

Må tåle spor

Naturen tåler meir enn menneske seier Reinset. Kan hende har han rett. Vi menneske er gjestar på denne kloden. Vi har ingen rett til å utslette dei andre skapningane som er her saman med oss. Ofte har vi sett at desse medskapningane er her til både glede og nytte for oss, sjølv om vi ikkje veit det så nøye. Vatn gir liv, også i landskapa våre. Når vi fjernar vatn frå landskapet og legg det i røyr i staden, då tuklar vi med den store hushaldninga. Fossekallen, nasjonalfuglen vår, er knytt til vatn og er kanskje den arten som er lettast å sjå for oss. Den fuglen lever av larvar som finst i vatn og som er viktige for både fisk og fugl. Forsvinn fossekallen, er det eit symptom på at det er gale med vassdraga i landskapet vårt. Vi har ikkje sett det, men fossekallen har vi snart berre bilete igjen av. Kor mykje inngrep kan kloden tåle? Gjer det noko om fossekallen kjem bort? Kven bestemmer kva vi ikkje treng? Sjølv ordførar Reinset har ingen rett til å bestemme slik, men har tvert om ansvar for at ingen av desse skapningane kjem bort.

Energiproblemet

Kva er medisinen? Årsaka til våre energiproblem er at vi aukar forbruket vårt år for år. Det må vi slutte med. For å få orden på den auka som alt har gått utover det bærekraftige er vi no nøydde til å slutte med straumoppvarming av luft og vatn og heller halde oss varme med biobrensel og varmepumpeløysingar. Dette er også løysinga på det akutte energiproblemet vi har dei næraste åra. Nye, effektive vedomnar, pelletskaminar og varmepumper kan installerast no, før neste fyringssesong og krev ingen konsesjonar. Summen av slike tiltak sett i system er mykje større enn vi trur. Sjølv utan tilskot frå det offentlege vil folk flest ha igjen for å ordne seg sjølv med varme framfor å kjøpe kilowatt som truleg vil bli dyre i framtida, i alle fall viss dei skal brukast til oppvarming.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid for bevaring av vassdraga våre