Vassuttak frå Skorgeelva: Konsekvensane må utgreiast

Ørskogfjell skisenter har søkt Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) om å få ta ut vatn frå Skorgeelva for snøproduksjon. I fråsegna si til NVE krev Naturvernforbundet i Vestnes at saka blir vurdert til å vere konsesjonspliktig. Som eitt minimumskrav bør det ordnas ei undersøking som er tilsvarande kva som krevst av småkraftverka, når det gjeld det biologiske mangfaldet i influensområdet.

Naturvernforbundet peikar på at eit vassuttak kan kome i konflikt med fleire naturverdiar i området:

1) I nærliggande område til søkt tiltaksstad ligg det fleire freda myrreservat.

2) I samband med ei rekke synfaringar som Naturvernforbundet har gjort langs Skorgeelva dei to siste åra, er det tydeleg at det er ein livskraftig bestand med fossekall i vassdraget. Arten er og fleire gonger observert i tilhøyrande sidevassdrag. Seinast i april 2009 har me i samband med våre registreringar av ulovleg avfall, sett at det har vore fleire par i dei øvre delane av vassdraget. Tettast registrering av arten vart gjort på strekninga frå Fremstedalsfjellet og ned til Kristisetra. Det er årviss hekking av fossekall både på Fremstedalen og på Sprov.

3) Kva vil ei demning med uttak av vatn frå elva ha å seie for augerogn og yngelproduksjon i vassdraget? Kva med produksjonen av næringsdyr i elva? Laksen og auren kan via flaumtoppar på haustparten vandre opp til Turisthytta oppe på Ørskogfjellet. Gyteplassane på Fremstedalsfjellet bør kartleggast før ein gjer eitt vedtak om å påverke naturleg vassføring.

4) Det er nærast årvisse observasjoner av raudlistearten oter i vassdraget. Langs fleire kilometer av elva er det betydeleg vokster av flaummarksprega gråorskog. Ein finn og i ei viss grad osp og gammal bjørkeskog, som gjev livsbetingelsar for holrugande arter med lav toleranseverdi for menneskeleg påverknad. Korleis reagerer denne skogtypen på redusert vassmengde, sjølv om uttak av vatn er over eitt begrensa tidsrom?

5) Nedstraums tenkt tiltaksområde i vassdraget finst det ein del naturtype-lokalitetar som moglegvis kan påverkast av endra mønster i vassføringa.

Naturvernforbundet peikar dessutan på at fjerning av vatn over kort tid må påverke vassdraget, men det er uråd å seie kor mykje før undersøkingar er gjort. Når vatnet tiner vil det forsterke ein flaumtopp. I høve til kva det kan medføre, må ein gjere undersøkingar for å kunne seie noko om verknadene på det biologiske mangfaldet. Naturvernforbundet ber til slutt om at NVE tek omsyn i si vidare sakshandsaming til utøvinga av tradisjonelt friluftsliv. Det er viktig å sjå på nærleik mellom anlegget og friluftsverdiar, utover aktivitet knytta kun til skisenteret.

Kontaktperson for denne saka er lokallagsleiar Bernt Gjelsten, telefon 97 18 60 58. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les brevet frå Naturvernforbundet i Vestnes til NVE