Vått?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det er vått for tida. Skvalpande vått. Er det nokon som gjerne vil ha endå meir av dette?

Det er akkurat denne vertypen som FN sitt klimautval seier vi skal få meir av i vår landsdel viss den globale oppvarminga held fram. Det er når våtare ver gjentek seg nokre år på rad at det blir tale om våtare klima.

Er det dette vi vil ha? Truleg ikkje. Men det er dette vi truleg får om vi held fram som vi gjer. For vi held fram med å køyre bil som om utsleppa ikkje er noko problem for framtida vår. Vi held fram med å sløse med energien på mange måtar i bygningane våre. Og ikkje minst, vi kjøper og kjøper og kjøper – både det vi treng, det vi trur vi treng og det vi slett ikkje treng. Den siste moten; at vi skal slutte med brødskivene og heller ete bacon er sanneleg eit steg i denne retninga det også.

Viss våtveret vi alle har merka dei siste månadene ikkje skal bli det normale, er det faktisk nødvendig at vi gjer noko alle saman. Veit du ikkje riktig kva du skal gjere, så får du begynne ein stad. Meld deg inn i ein miljøorganisasjon, så du kan skaffe deg kunnskap og fellesskap med andre som vil same vegen. Deretter er det berre å gå laus på utfordringane. Naturvernforbundet ønskjer gjerne fleire medlemmer velkomen. Det er ikkje sikkert veret blir betre så snart du melder deg inn i Naturvernforbundet. Men viss mange nok gjer det, så er det mykje mogleg at det gjer ein forskjell.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal