Veg i Myklebustvatnet naturreservat i Herøy?

Naturvernforbundet har fått nyss om at Herøy kommune vurderer å leggje ein ny veg til Fosnavågen gjennom eller tett ved Myklebustvatnet naturreservat.

I ein epost til Herøy kommune 13. august 2008 skriv Naturvernforbundet i Møre og Romsdal:

Ved å leite litt på heimesidene til Herøy kommune (der søkemotoren er defekt), finn vi at det er utarbeidd eit forslag til reguleringsplan og ei konsekvensutgreiing, og at dette har vore på høyring vinteren 2008.

Vi kan ikkje finne dei aktuelle dokumenta på heimesidene til Herøy kommune, og vi kan heller ikkje sjå at Naturvernforbundet har fått forslag til utgreiingsprogram, reguleringsplan eller konsekvensutgreiing på høyring tidlegare.

I staden finn vi eit avisoppslag på Vikebladet frå månadsskiftet juli – august 2008 som stadfestar at naturreservatet er involvert.

Naturvernforbundet ber om å få tilsendt alle aktuelle dokument. Vi ber også Herøy kommune gjøre greie for kva rutiner kommunen har når det gjeld høyring av saker som gjeld vesentlege nasjonale og regionale miljøinteresser.

Naturvernforbundet vil med dette varsle at vi vil vurdere å gi uttale i saka. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Konsekvensutgreiinga

Oppsummering av møte mellom Møre og Romsdal fylke og Herøy kommune

Naturverdiar i Myklebustvatnet

Myklebustvatnet naturreservat Foto: Direktoratet for naturforvaltning