Veg inn i Romådalen?
Tidlegare gjekk kyr og andre dyr som skulle på setra dit sjølv. Kan dei ikkje det lenger?
Øystein FoldenRomådalen som er ein del av Trollheimen landskapsvernområde treng mellom anna beiting for at landskapet skal halde fram med å ha sine verdiar. Korleis får ein til det?
Nyleg godkjende Verneområdestyret ein søknad om traktorveg i området, slik at ein kan få frakta husdyr til fjells. Dermed står det eine verneomsynet mot det andre: Skal ein beite og godta ein veg eit stykke innover, eller la det gro att?
Kan hende stiller ein feil spørsmål. I den tida seterdalen var i full bruk, var det ingen traktorar som trengte traktorveg. I den tida var dessutan kyrne godt i stand til å gå sjølve. Det finst framleis sida trønder- og nordlandsfe som kan gå ulendt og beiter småskog. Dette bør landbruket og vernemynde klare å finne ut av.
Naturvernforbundet meiner at ein skal jobbe fram løysingar der både verneomsyn og landbruksomsyn blir tatt omsyn til. Difor er det sendt klage på det løyvet Verneområdestyreg gav nyleg.
Naturvernforbundet si klage kan du finne her: