Veg til Måsvatnet?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal og Naturvernforbundet i Rauma.

I fleire år har private interesser arbeidd med ein reguleringsplan for å få til fleire hyttetomter ved Måsvatnet i Måndalen. Som ein del av dette er det også tenkt å bygge veg omtrent fram til hyttene ned mot Måsvatnet.

Fylkeskommunen og Fylkesmannen har godtatt hyttetomtene med nokre justeringar, men varsla motsegn mot vegen. Områda ved Måsvatnet og fjella rundt er i dag lite påverka av veg og støy som følgjer med, og dette er ein kvalitet som blir stadig sjeldnare. Slike kvalitetar er viktige å ta vare på. Måsvatnet er ein del av eit friluftsområde som er rekna for å vere regionalt viktig. Dette fordi det samanhengande området her dekker fleire kommunar, og har brukarinteresse langt utover dei som bur nær ved.

Rauma kommune har ikkje bøygd seg for fylkesinteressene så langt og har følgjeleg ikkje fått planen godkjent. Kommunen kan no velje å godkjenne reguleringsplanen utan veg, eller sende saka over til departementet for avgjerd. Spørsmålet skal handsamast av kommunestyret den 18. mars. Så langt Naturvernforbundet kan forstå  er det interesser i Rauma for å sende saka til departementet, sidan den nye regjeringa i fleire saker har lytta til lokaldemokratiet ved slike avgjerder.

Spørsmålet er så kva lokaldemokrati som eigentleg har med ei slik sak å gjere. Er dette ei kommunal sak, eller gjeld dette interesser for fleire kommunar, delar av fylket? Sjølv om ein kan drive meiningsfullt friluftsliv ved å finne seg ei lita lomme ein trivst i og halde seg i ro der, så er det ei viktig side at det er samanhengande område som ein kan ferdast i over ein del timar, enkelte stader også nokre dagar. Det er grunnen til at det er område som reknast som regionalt viktige friluftsområde.  Fjella aust, sør og vest for Måsvatnet er eit slikt område som Rauma delar med Vestnes, Stordal og Norddal kommunar, i tillegg til mykje folk frå både Romsdal og Sunnmøre. Dette er område som Rauma kommune må sjå på utover sine eigne lokale interesser og forvalte ut frå regionale mål. Alternativet er at det er det regionale nivået som bestemmer.

Akkurat som folk i Rauma vil ha rask og brei veg både vestover og austover for å kunne oppsøke noko som er annaleis enn det som finst i deira eiga kommune, så finst det altså nokre som legg vegen til Rauma fordi det der finst noko som ikkje finst kvar som helst. Store friluftsområde med gode kvalitetar er nettopp eit slikt gode som gjeld fleire enn nokre grunneigarar i Måndalen.

Der grunneigaren ser ein lurvete sti fullt av myrhol som bør erstattast med veg, der ser mange andre ein godt opptrakka sti som stort sett er tørr og heilt grei å ferdast etter. Sjølv om veg her for nokre ville vere ein fordel, så er det svært mange som vil oppleve ein veg her som øydelegging av viktige kvalitetar i området. Fordelen dei få vil oppnå med veg er liten samanlikna med ulempa for dei mange, som vil kome med veg over haugen.

Når kommunestyret i Rauma møtast 18. mars, bør dei ta til følgje motsegna frå Fylkeskommunen og Fylkesmannen og vedta reguleringsplanen utan veg frå Skarsetra.

Øystein Folden                                                               Svein Gunnar Rydjord

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal                Leiar, Naturvernforbundet i Rauma