Vegkantar og dyreliv

Epost til Per Anker Pedersen på UMB.

Fra: Øystein Folden [foldengp(a)start.no] Sendt: 4. desember 2006 09:36 Til: per-anker.pedersen(a)umb.no Emne: Vegkantar og dyreliv


Eg fann namnet ditt knytt til vegetasjonsforsking langs vegar. Eg har nokre tankar om verknaden av vegskjøtsel som eg gjerne kan tenkje meg å lufte med folk som er opptekne av slike spørsmål. 1. Når eg klipper plenen med bioklippmetode, så blir plenen stadig gjødsla i form av grønt avklipp. Når vegvesenet knuser graset langs vegane blir området stadig gjødsla i form av grønt avklipp? 2. Når vegkanten blir gjødsla og skogen ved sidan av ikkje blir gjødsla, då blir vel vegkantane fortare grøne om våren og seinare visne om hausten? 3. I dei magre årstidene vil hjortedyr gjerne vere der det er grønast? 4. Husdyr vil gjerne ha salt som tilskot til foret 5. Hjortedyr vil gjerne ha salt som tilskot til foret? 6. Enklaste saltkjelda for hjortedyr er salta vegar? (Eg har fått inn observasjonar om at hjortedyr står i vegbana og sleikar) Mitt spørsmål blir då: Har kantslått og vegsalting ført til at hjortedyr held seg meir i vegkantane enn før? Viss svaret er ja er jo neste spørsmål om verknaden av dette er fleire påkøyrslar av hjortevilt. Eit spørsmål då er om det er aktuelt å forhauste vegkantane for å magre dei ut over tid. Resultatet av forhausting er vel mykje biologisk materiale som ikkje bør brukast til for. Kva kan det då nyttast til? Sprute det ut over mykje større område? Kompostere det til metangassproduksjon? Då manglar eg eit vettugt spørsmål om kva vi gjer med saltinga. Eg er ikkje sikker på at eg har noko vettugt spørsmål om det. Det skulle vel vere nok til ei heil hovudoppgåve i dette om nokon fekk lyst. Vel, mi oppgåve er vel mest å spørje. Kva det fører til veit eg ikkje no, men eg er litt spent. Med helsing Øystein Folden leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal tlf 918 12 542