Vegmaling på avvege

Både kvitstripe og gulstripe er svært nyttige. Men ikkje i terrenget.

Det kom eit tips om mange kvite flak av noko som låg i vegskråninga. Kva kunne det vere? Er det skadeleg?

Der asfalten er fin og slett ligg brøyteplogen lågt. Resultatet blir at vegmerkinga blir skrapa av og hamnar i terrenget. Det ser ikkje pent ut. Er det farleg? Naturvernforbundet spør no Statens vegvesen om dette.