Vegvedlikehald og miljøomsyn

I samband med vedlikehald av vegane på Indre Nordmøre i åra framover, er det særleg viktig å sikre leveområda til truga artar og å hindre vidare spreiing av uønskja artar, skriv Naturvernforbundet i ei fråsegn. Også salting, sprøyting og kantslått er tema Naturvernforbundet ønskjer betre styring med.

Naturvernforbundet i Tingvoll har fått ein forespørsel frå Tingvoll kommune i samband med at Statens vegvesen skal lyse ut ein ny drifts- og vedlikehaldskontrakt for stam-, fylkes-, gang- og sykkelvegar på Indre Nordmøre. Naturvernforbundet i Tingvoll drøftar i svaret sitt ein del punkt som vegstyresmaktene bør ta omsyn til i vedlikehaldskontrakter. Lokallaget legg særleg vekt på verdiar i Tingvoll kommune, men fleire av momenta vil vere viktige også i andre kommunar og landsdelar.

1) Omsynet til prioriterte artar
Strekning som drenerer til Møkjavatnet og elva nedanfor: Det er påvist elvemusling i vassdraget og elvemuslingen er var for salt (blir ikkje påvist i vassdrag med utløp i sjøen lenger ned enn møtet med brakkvatn). Avrenning av salt til vatnet og elva vil kunne påverke elvemuslingen.

Det er ein gong i tida registrert elvemusling ved utløpet av Hanemsvatnet. Viss elvemuslingen framleis er der, eller i alle fall ikkje er konstantert ikkje er der, vil det vere ei kortare strekning også der som har delvis same problemstilling.

2) Spreiing av svartelisteartar
Ein del svartelisteartar er alt påvist langs vegane i Tingvoll og lagt inn på www.artsobservasjoner.no. Det er ikkje gjort systematisk registreringsarbeid ut frå at alle vegareal skal kartleggast, så dette må fullførast.

Vi veit i alle fall av følgjande artar:
– lupin (mange stader)
– parkslirekne (nokre stader)
– rynkerose (mest knytt til hageutkantar samanfallande med veg)
– spansk kjørvel (Kanestraum ferjeleie)
– kjempespringfrø (ved nokre bekkar som krysser vegen)
– skogskjegg (delvis same førekomst som lupin, mellom anna vest for Tingvoll sentrum)
– brunskogsnegle (potensiell spesielt ved flytting av jord)

Platanlønn finst også i stor grad. Jo meir platanlønn som ein kan fjerne med påskot om at det er bra for vegen og trafikantane, jo betre.

Det er etter det vi veit laga «kokebok» når det gjeld desse artane, så det er praktisering avdesse oppskriftene etter meir nøyaktig kartlegging som er mest vesentleg i dette spørsmålet.

3) Salting
Håkkåsvatnet ligg slik til at vatnet kan bli påverka og at det blir danna eit lag av daudt saltvatn i botnen, med manglande halvårsrotasjon som følgje. Salting av vegen her vil kunne få relativt store skadelege følgjer.

Same problemstilling finst vel langs Bergemsvatnet. Litjvatnet vil og vere utsett om det blir salta.

Salting generelt er også ei problemstilling. Her kan ein få direkte sviskader, og indirekte skader ved at jorda får auka saltinnhald. Sviskader er sett øvst i Gylbakken og ved Skjevling, men er truleg på full fart andre stader også. Skadene syner først der jorda har lite bufferevne, som på grovgrus/sand.


4) Bruk av sprøytemiddel
Bruk av Roundup under rekkverk var i bruk tidlegare, men er truleg slutt meir generelt. Men sist sommar såg vi ein del bruk av Roundup gjennom Sunndal på stader der kantslått er vanskeleg og ein får utvikling av kratt ved fjellknauser o.l. Dei mest brukte sprøytemidla har ein forsterka effekt i møte med vatn, og vatn finst ofte knytt til veggrøfter. Ein ryddefrekvens som gjer mekanisk fjerning mogleg er difor einaste trygge metode, sjølv om det då kan bli tale om noko handarbeid.

5) Kulverter og fisk
Dei grunnleggande problema knytt til kulverter i fiskeførande vassdrag kan ikkje løysast i samband med vedlikehald, men det er viktig at det finst oversyn over kva kulvertar som ligg i slike vassdrag og at ein ser til at tilhøva ikkje endrar seg i negativ lei over tid.

6) Tunnelvask og avlaup
Vaskevatn frå tunnelvask er moglegvis ei problemstilling.

7) Kantslått
Store delar av vegnettet har ved kantslått utvikla seg til å ha velgjødsla eng på båe sidene. Der dette er kome langt i retning breidblada og høge gras er det biologiske mangfaldet avgrensa.

Der vegkanten er mager og grasdekket tynt kan ein i visse område ha biologi som kan minne om ugjødsla slåttemark og beiter. Sidan slike område elles i landskapet ofte blir redusert kan vi sjå for oss at det finst vegkantar som bør skjøttast spesielt ut frå dei biologiske kvalitetane. Oftast vil det seie seinare slått, og helst at «avlinga» skulle ha vore fjerna. Det bør vere ei felles interesse i å passe på slike areal. Viss dei ikkje blir oppgjødsla i form av attliggande avling vil dei i framtida kunne slåast ein gong i sesongen og ganske seint, i motsetnad til andre areal som oftast vil krevje to runder med slått. Slike areal vil ein truleg lettast finne i område der det har vore slike areal i jordbrukslandskapet ved sidan av vegen tidlegare.

Ved anlegg/reparasjonar vil det vere stor skilnad om ein legg på myrtorv/grus eller matjord som toppdekke i vegskråningar. Matjord bør ein heller gi vekk til bønder som treng det, så kan ein ha mager vegskråing som veks langt mindre kraftig.

8) Kantrydding
Nokre område kan trenge spesiell skjøtsel når det gjeld kantrydding. Som døme kan den austre delen av Håkkåsvatnet brukast, der ei smal stripe mellom vegen og vatnet blei fjerna (i eit kommunalt prosjekt) for få år sidan. Ute i vatnet her er det vasstilknytta fugl som ville hatt fordel av at skjermen var der. På denne plassen var skjermen såpass smal at han truleg ikkje auka faren for dyrepåkøyringar, slik at utsikt til vatnet var hovudomsyn.

Dette omsynet gjeld truleg få strekningar, men det kan vere eit viktig omsyn på desse stadene.

9) Behov for meir kartlegging

På nokre område manglar ein litt kunnskap for å lokalisere område som krev spesielle omsyn, noko ein bør gjere noko med. Vi har inntrykk av at vegstyresmaktene har gjort ein del på området, men det står igjen noko arbeid.

10) Veglys
Veglys er ei sak med mange sider. Korte strekningar der ein likevel får persontrafikk utanfor opplyst strekning ber vi om blir vurdert spesielt. Lysforureining i seg sjølv, og auka energiforbruk er moment, og viss ekstra tryggleik i opplyste område blir vegd opp av skumle overgangssonar kan det vere eit spørsmål om det er like bra også av andre omsyn at ein sparar
seg lyset.

11) Parkeringslommer
Langs hovudvegane har vi forståing for at ein vil vere tilbakehaldande med avkøyringar. Samtidig har vegen ofte skore av naturlege ferdselsvegar gjennom tidene og det er ein del strekningar der det ikkje er tilrådeleg at ein barnefamilie syklar langs vegen. Følgjeleg er det eit behov for stader der ein kan få frå seg ein bil eller to for å kome seg ut i terrenget utanom
dei meir tilrettelagde utfartstadene. Når det er spørsmål om avkøyringar utanom tettbygd strøk ønskjer vi difor at det blir vurdert kva moglegheiter det er for å få til å dekke slike behov ved å setje det som vilkår der det ikkje vil vere nemneverdig tyngande. Dei stadene som finst frå før må ettersjåast slik at dei ikkje gror igjen.