Vegvesenet og Somrungen

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Dei siste åra har Naturvernforbundet oppfatta Statens vegvesen som stadig meir seriøse når det gjeld å ta vare på naturen. Men det er ikkje heilt utan unnatak.

Arbeida på riksveg 70 ved Somrungen i Sunndal passer ikkje inn i det gode mønsteret. Her har Statens vegvesen tatt trafikktryggleiken på alvor. Kulturmynde har vel fått sitt. Men naturen og då særleg Somrungen har berre blitt ein salderingspost. Her ser vi teikn til at Statens vegvesen vrir seg som ein makk og prøver å sno seg unna alle plikter og kostnader. Dei som har hatt ansvar for prosjektet har gitt inntrykk av at dei har forstått utfordringane, men har gjort heilt andre ting enn det som må reknast som gangbar oppfatning av kva som er bra for bekken og fisken. Det er mogleg planleggaren til Statens vegvesen tykkjer dette blei fint, men fisken og naturen er alt anna enn nøgd.

Naturvernforbundet har følgd dette prosjektet ei god stund. Vi har bedt om dokument og bedt om å få vere orientert om det som skjer. Innkalling til synfaringar har kome dagen før, eller ikkje i det heile. Når vi har meldt at vi ikkje har hatt moglegheit til å møte på så kort varsel, har det stått i referatet at andre ikkje kunne møte, men det har ikkje stått noko om oss, og vi har ikkje fått referat før lenge etter dei andre. Sakshandsaming på denne måten er ikkje greitt. Det ser ut som Statens vegvesen ikkje ønskjer at Naturvernforbundet skal få ha eit auge med denne saka.

Limnolog Tore Halse har, etter krav frå venner av Somrungen, levert ein rapport om korleis ein kan reparere ein del av dei skadane som Somrungen har fått under vegarbeidet. Denne rapporten stemmer godt med kva Naturvernforbundet ser for seg må til, sjølv om vi ikkje har kunnskapar om ein del av detaljane. Når Statens vegvesen uttrykker til Aura Avis at det blir for dyrt, så kan vi ikkje godta det som grunn for ikkje å ordne opp. Det hadde ikkje trengt å bli så dyrt, og resultatet kunne ha blitt mykje betre viss Statens vegvesen på eit tidleg tidspunkt kunne søkt råd hos folk som visste kva som måtte til, slik at ein kunne gjort dei rette tinga med ein gong. Når Statens vegvesen har vore sjølvgode og ikkje høyrt på råd, då fortener dei ei lærepenge. Lærepengar har det med å koste ein del meir enn det som det kunne ha gjort. Men så gjer ein det betre neste gong. Fylkesmannen bør ikkje redusere på denne lærepengen ved å slakke opp på krava. Det er i alle fall urettvist for fisken og det andre som fortener eit paradis og ikkje ein kanal teikna med linjal.

Øystein Folden, leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal