Velkommen til årsmøtet 2019

Naturvernforbundet inviterer til årsmøte i Molde laurdag 30. mars klokka 11.

Stad: Molde vidaregåande skule, raud inngang

Saksliste:
1. Val av ordstyrar.
2. Styret si årsmelding.
3. Revidert rekneskap.
4. Budsjett og arbeidsprogram.
5. Saker framlagt av styret, lokallag og medlemmer i kommunar utan lokallag
6. Vedtektsendring
7. Val av leiar og styremedlemmer.
8. Val av valkomité.
9. Val av revisor.

Etter årsmøtet har vi sett av tida fram til kl. 16 der vi kjem til å jobbe med publisering av lokallagssaker på heimesida, og at vi får til å drifte felles epost-løysing. Randi Alsos vil hjelpe oss med dette.

Dette er altså det gode høvet til å lære oss såpass mykje at vi kan få lagt ut ting på heimesida og bruke denne meir aktivt. Det er berre bra om fleire frå kvart lokallag stiller opp. Ta gjerne med pc og skøytekabel.