Velkommen til stiftingsmøte for Naturvernforbundet i Vestnes

Etter nokre års pause blir Naturvernforbundet i Vestnes no starta opp att. Invitasjon til stiftingsmøte er sendt medlemmane i Naturvernforbundet i Vestnes, men alle interesserte kan sjølvsagt møte opp og melde seg inn i Naturvernforbundet.

Til Medlemmer av Naturvernforbundet i Vestnes:

Nokre av medlemma av Naturvernforbundet har samla seg om å lage til lokallag i Naturvernforbundet.

Som fylkesleiar vil eg difor kalle inn til

Stiftingsmøte for lokallaget

Naturvernforbundet i Vestnes

Møtet blir måndag 31. mars kl. 19.00 i kommunestyresalen, Vestnes kommunehus.

Som innleiing vil det bli eit tema om biologisk mangfald der vi fer innom brunsniglar, åkerreinar, fossestryk og anna mangfald som det kan vere greitt å vite litt meir om. Fylkesleiar Øystein Folden viser veg gjennom temaet.

Saksliste for stiftingsmøtet følgjer av Naturvernforbundet sin vedtekter:

1. Val av ordstyrar

2. Budsjett og arbeidsprogram

Det vil bli samtale om aktuelle saker. Normalt vil det ikkje bli gjort vedtak i eit stiftingsmøte.

3. Val av leiar/styremedlemmer

(Tilstrekkeleg mange har sagt ja til å sitje i styret, så vi veit det blir eit styre.)

4. Val av utsendingar til fylkeslaget sitt årsmøte

Kvart lokallag har 3 plasser med fulle rettar, men det er praksis for at dei som vil kan møte.

Fylkeslaget har årsmøte måndag 7. april i Molde

5. Nominasjon av lokallaget sitt medlem i fylkeslaget

Lokallaget har ein plass i fylkeslaget og kan i tillegg velje eit varamedlem.

6. Val av valkomite og revisor.

Med helsing

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Innkalling til stiftingsmøte