Verma kraftverk i langdrag

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Avisa Næringsliv (Møre og Romsdal) har spurd Mørebenken om korleis det har seg at søknaden om Verma kraftverk framleis ikkje er ferdighandsama. Ut frå svara kan det sjå ut som stortingsrepresentantane som har svara trur alternativa det står om er det alternativet Rauma Energi AS presenterer og inga utbygging i det heile. I så fall er stortingsrepresentantane nok ein gong førte bak lyset i denne saka.

NVE har gitt konsesjon for å heve inntaksdammen med 5 meter, men løyvet krev at ein endrar grensa for naturreservatet. Det er saka om grenseendring som ikkje er avgjort.

Viss det ikkje blir noka grenseendring, kva då? Det ligg føre eit alternativ som går ut på å lage ein ny dam ved sidan av, på motsett side av naturreservatet, for å auke damvolum og redusere isproblem. Denne løysinga er vurdert av NVE som teknisk mogleg, og økonomisk gjennomførbar. Det står rett nok at løysinga krev eit deponi på 15 dekar, men dette er ei mistyding. Viss ein tar ut 42000 m3 fjell for å auke damvolumet, og så skal lage ein fyllingsdam som krev kring 53000 m3 stein, får ein ikkje 150000 m3 stein til overs som krev deponi. Det kunne sjå ut som behovet for deponeringsplass var ein ikkje uvesentleg del av grunnen til at NVE valde å auke damhøgda med 5 meter.

Blir det nei til grenseendring, vil det altså likevel vere fullt mogleg å bygge nytt inntak til Verma kraftverk. Produksjonen vil rett nok bli ca. 2% mindre enn når damhøgda blir heva med 5 meter. Skilnaden utgjer under ein femdel av planlagde Herje kraftverk, og bør ikkje vere avgjerande. I alle fall ikkje når alternativet er å ta ein ny skalk av noko som blei varig verna i strengaste vernekategori for nokre år sidan.

Elles gjer direktøren i Rauma Energi AS eit poeng av at det berre er 3 promille av arealet i naturreservatet det er tale om. 3 promille er sjølvsagt ikkje så mykje, men for ein stortingsrepresentant som gjerne vil ha attval, vil det vere veldig ergerleg om ein får 3 promille for lite med røyster for å kome seg inn på tinget. Og det er heller ikkje utan meining kva verdiar som er knytt til nettopp dette arealet. Viss nokon tar 3 promille av eigedomen din til veg, er det stor skilnad på om det blir litt av utmarka, eller om det blir tvers gjennom bustadhuset. Arealet det er tale om på nordsida av inntaksdammen er spesielt for dette området og liknande finst ikkje elles i naturreservatet. Ulvelaven som er omtala er verdifull nok i seg sjølv, men det at tilhøva er slik at han veks på akkurat denne staden er vel så viktig. Dei tilhøva vil bli mykje endra, sjølv om stubben med ulvelaven skulle berge seg nokre år til.

Rauma Energi AS kunne alt for 2-3 år tilbake gått for den alternative løysinga, og då ville dei ha vore godt i gang med bygginga no. Men Rauma Energi AS ville heller prøve å regulere seg inn i naturreservatet. Slikt tar tid, og dei bør ikkje få lov til ei slik regulering.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal