Verma kraftverk: Naturvernforbundet krev utgreiing av alternativ inntaksløysing

Den seinare tida har stortingsrepresentantane frå Møre og Romsdal vore høgt på banen for å løyse opp vassdragsvernet som er bygd opp i Noreg over dei siste tiåra, og dessutan slå nye kilar inn i Romsdalen landskapsvernområde som heller burde ha vore større enn mindre. Dette kan ikkje Naturvernforbundet sitte stille og berre sjå på. No kjem eit alternativt forslag til inntak som innspel til NVE.

Naturvernforbundet har vore i kontakt med Rauma Energi AS for å gjere seg meir kjent med isproblema det er opplyst om i noverande inntak. Rauma Energi AS har ikkje vore særleg imøtekomande, noko Naturvernforbundet karakteriserer som useriøs framferd frå ein utbyggjar, men det har vore mogleg å få opplysningar frå andre aktørar. Naturvernforbundet har også hatt ei synfaring i området den siste veka for å kontrollere vår oppfatning av terrengdetaljar.

Såleis kan Naturvernforbundet no legge fram ei skisse til løysing av inntaket slik at ein unngår inngrep i verna område og samtidig truleg kan løyse det aller meste av isproblemet i inntaket.

Grovt skissert går løysinga ut på følgjande:

Sør for noverande inntaksmagasin blir det laga ein steinfyllingsdam i forlenging av noverande betongdam, og innafor denne dammen blir det tatt ut masse for nytt magasin. Innteikna areal er ikkje endeleg utforming, men har ei flate på ca. 4000 m2. Ved å ta ut masse ned til 20 m under høgaste regulerte vasstand vil ein få ein djup del tilsvarande det som er tenkt ved å heve høgaste regulering med 7,5 m i eksisterande basseng. Vidare vil ein få ei volumauke på 70 000 m3 samanlikna med noverande, med tanke på istilhøve. Plasseringa følgjer i kartvedlegg. Blå strek markerar areal som kan utdjupast og steinfyllingsdam kjem på nedsida. Nytt inntak må då vere i denne nye og djupe delen.

Mellom eksisterande inntaksdam og ny del må ein lage eit samband. Her må ein vurdere korleis dette kan gjerast slik at ein får minst mogleg av isen inn i den nye delen av bassenget. Høgaste regulerte vasstand blir ikkje høgare enn no. Arbeida med den nye delen kan truleg gjerast medan noverande kraftverk er i full drift. Uttatt masse og behov for same typen masse i steinfyllingsdam kan truleg avpassast. Noverande betongdam vil fungere som overlaup også i framtida.

I tillegg til arbeida med den nye delen må det vurderast om det skal plastrast i strandlina mot naturreservatet for å stoppe den errosjonen som har oppstått der.

Naturvernforbundet er elles forundra over kvifor denne typen løysing ikkje er utgreidd i søknaden så langt. – Vi har ei kjensle av at Rauma Energi AS ønskjer å ha eit konfliktnivå til noverande inntaksløysing for å presse seg fram med alternativet inne i landskapsvernområdet, seier fylkesleiar Øystein Folden.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Brev til NVE

Kart med forslag til alternativ løysing

NVE ber Rauma energi om kommentarer til framlegget frå Naturvernforbundet

Fråsegn frå Rauma elveeigarlag 27. november 2009

Oppfølgande spørsmål etter oversendt rapport frå Norconsult 7. mai 2010

«En hånd i været alle som skjønte hva de sa ja til» – Kronikk i Romsdals Budstikke 4. mai 2010

Brev frå Rauma energi til NVE 15. februar 2010

Etterlysning til Rauma energi frå Naturvernforbundet 12. april 2010

Norconsult-rapport om forslaget frå Naturvernforbundet, februar 2010

Rapport frå 1966 om tetting av lekkasjar

Konsesjonssøknaden frå Rauma Energi juni 2008