Verma kraftverk – Rauma Energi AS

Epost til Norges vassdrags- og energidirektorat 2. juli 2010.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal var den 29.6.2010 i Vermedalen for å gjere målingar og meir nøyaktig synfaring av vårt alternativ til løysing. Vi har etter dette gjennomarbeidd eit brev som svar på Rauma Energi AS sine merknader av 15. februar 2010. Løysinga vår er dessutan meir konkretisert og gjennomarbeidd og følgjar i same saka. Dette brevet er no nærast ferdig, men ferie frå i kveld og ei veke framover gjer at vi ikkje kan få sendt dette før ca. 13.7.2010.   Elles kan det høyrast ut til at det skal vere ei synfaring frå dykkar side til hausten. Sidan Rauma Energi AS så langt har vore heller varsam med å gi oss opplysningar om prosjektet så har vi interesse av å møte NVE i det aktuelle terrenget ved første høve. Viss det finst ein (eller fleire alternative) dato(ar) for ei slik synfaring, hadde det vore lagleg å vite om den alt no, så vi kan halde kalenderen open.   Med helsing   Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Øystein Folden