Vern – 30% av snaufjellet

For eitt år sidan skreiv verdas nasjonar under på at dei vil verne 30 % av alt arealet sitt – innan 2030. Kva gjer Tingvoll kommune?

Før miljøvernministrane skildes i Montreal i Kanada i desember 2022 lova dei kvarandre å verne 30% av all natur for å berge kloden vår frå store klimaendringar. Jobben skal gjerast før 2030.

Skal dette bli noko av, så må kommunane gjere ein jobb. Det er i kommunane slike område som kan vernast ligg.

Kva er det tale om? Noreg har verna ein del areal frå før. Særleg fjellområde. I Tingvoll har vi ikkje verna fjellområde til no. Det tyder at vi må finne areal som utgjer 30% av det som finst av slaget, for å verne det.

Ein gjennomgang av areala som ligg så høgt i Tingvoll kommune at dei blir kvite på kartet, viser at vi har kring 50 kvadratkilometer av slike areal. Veldig mykje av dette er ganske små areal. Dei tre største areala er Kjerkeberget (8,7 km2), Viddalen (10,3 km2) og Fløystadfjellet-Kamsvågfjellet (12 km2). Dei to sistnemnde skil seg frå resten fordi dei har ein del areal som ikkje er påverka av støy frå bil- og båttrafikk. Dette er ein spesiell kvalitet for friluftslivet. Viddalen er ein botn med bratte fjellsider, Fløystadfjellet- Kamsvågfjellet er fjelltoppar med snaue lisider rundt. Desse to områda representerer litt forskjellige typar snaufjell. Det er mykje mogleg at det er desse areala som må vernast i Tingvoll for å oppfylle denne delen av Montrealavtala.

Då kan vi ikkje øydelegge arealet med veginngrep og kraftanlegg.

Båe areala er elles lite undersøkte og treng kartlegging.

Biletet er tatt frå Kamlia, Kamlivatnet til høgre.