Verneverdige hekkeplassar og politikarar?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Trioen Dagfinn Ripnes (H), Steve Kalvøy (Frp) og John Harry Kvalshaug (Sp) liker ikkje at Fugleøya i Frei blir verna sidan det kan vere til hinder for oljenæringa, i følgje Tidens Krav.

Det er berre nokre få år sidan mange sjøfuglar strauk med utan god forklåring på ei av øyane i Barentshavet. Etter kvart viste det seg å vere eit heller kraftig innslag av miljøgift som var årsaka. Det blei ein nyttig observasjon. No finn ein slik gift i oss menneske også, og har byrja arbeidet med å avgrense bruken av gifta.

Ein del fugleartar har mislukkast med hekkinga nokre år. Etter kvart finn ein ut at den fisken dei et har blitt fiska såpass hardt at det skjer noko med økosystema i havet. Tar ein teikna kan ein stoppe rovfisket i tide før torsk og sei blir matlaus.

I gruvedrifta hadde ein med seg kanarifuglar for å finne ut om menneske kunne halde seg i gruvegangen.

Sjølv om vi ikkje alltid skjønar det, så har vi nytte av fuglane, og sjølv om det ikkje var slik, så er dei medskapningar på vår jord, med like stor rett til å få leve som oss sjølve.

Sjøfuglane på Fugleøya er ikkje der lenger fordi minken no tar dei, seier Steve Kalvøy. Minken kom hit som følgje av at nokre ville tene pengar på pelsen. No gjer han ugang med både det eine og det andre. Direktoratet for naturforvaltning meiner elles at verneverdien av Fugleøya er uomtvisteleg ved at den representerer ein av dei mest verneverdige sjøfugllokalitetane på Nordmøre. Anten må vi gje sjøfuglane ein annan stad, eller så må vi gjere noko med minken.

Det norske oljeeventyret er på hell. Produksjonen går ned og klimagassutsleppa er visst ikkje heilt bra, men framleis er det nokre lommebøker som skal fyllast med pengar. Like fullt er det nokre som i ramme alvor meiner at fuglane får finne seg ein annan stad å bu. Har de spurd fuglane om det finst nokon annan stad å bu?

Politikarane i Hareid er ikkje likare. På Hareidmyrene er sjøfuglen i god utvikling, som eit heller spesielt unnatak. Men denne staden er tatt ut av verneplanen. Det har ikkje vore spørsmål om kvar fuglane har flytta frå når dei kom dit, og det har ikkje vore spørsmål om det er nokon stad å flytte til om dei ikkje kan få halde fram med å vere på Hareidmyrene.

Vi menneske må halde oss frå å breie oss så mykje at naturen må vike og døy.

Det var å håpe at politikarar for framtida vil sjå til at våre medskapningar får den plassen dei treng. Politiske haldningar som vi her har fått høyre om bør bli så sjeldne at dei kjem på museum – og politikartrioen Ripnes, Kalvøy og Kvalshaug kan bli verneverdige eksemplar som kan minne oss på kor gale det var.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal