Vestnes kommune sin Kystsoneplan – Folk må ta tak framover

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Vestnes.

Kystsoneplanen til Vestnes kommune er i noverande form vanskeleg å betrakte som eitt forvaltningsreiskap. Planen skal i utgangspunktet ha såkalla NFFA område som skal omfatte natur, friluftsliv, ferdsel, fiske og akvakultur som ein del opptatt i seg. I planen står det: ” Dei ulike interessene innanfor fleirbruksområdet er i utgangspunktet likestilte”. Den setninga har vore lite påakta sidan planen kom. I prinsippet er det akvakulturen planen tek overordna omsyn til. Det positive er at kystsoneplanen til kommunen skal opp til behandling i 2010. Naturvernforbundet i Vestnes kjem til å levere ei høyringsuttale til planen, kor me kjem til å be om betre miljøhensyn og meir klarlagte bevaringsbiologiske tiltak i høve til sjø og vassdrag.

Oppdrettarane eig faktisk ikkje fjorden. Selskapa driv næringsverksemd i sjøen, men hugs på at fjordane og vassdraga er ei felles natur og bruksarv for innbyggarane. Me oppfordrar alle med interesse for fiske og naturbevaring å engasjere seg i dette. Kom med innspel til kommunen i 2010. Forvent ikkje at ei lita gruppe grunneigarar i Rekdalen og eitt Naturvernlag, skal gjere alt arbeidet for å få fram søkelyset på mangfaldig oppdrettsproblematikk. Naturvernforbundet i Vestnes ynskjer at dei miljømessige verknadene av oppdrettsverksemda i kommunen vert tatt opp på brei skala. Eitt samanfall mellom bevaringsbiologi og ytterlegare vekst i havbruksnæringa, er ikkje mogleg før næringa tek ansvar.

Ansvaret må basere seg på å utvikle teknologi som held tamlaksen vekk frå fjord og vassdrag. Ein bør forske vidare på landbasert aktivitet og verte kvitt lusproblematikk. Generelt må det inn ein tydeleg etisk standard i nasjonal og global samanheng på fleire nivå. Det vert magre år for alle oss friluftsbukarar når ei næring sjølv, nærast sett premissane for eige miljøansvar. På den måten sikrar næringa seg ei årrekke med feite år. Kapitalinteressene overskyggar kontrollorgana. Den same staten som sett miljøkrav er investor i multinasjonale oppdrettselskap. Det er ei miljøskam som politikarar av både blå, raud ,og grønn farge må stå for. I fleire kommunar i Møre og Romsdal har lokalpolitikarar siste året vorte meir restriktive til oppdrett i sårbare fjordsystem. Er presset stort nok på dei folkevalgte og meiningsytringane offentlege, kan det vere mogleg i Vestnes og.

Naturvernforbundet i Vestnes

Leiar, Bernt Gjelsten

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen