Vi vil ha fjellfilm

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

I Ørsta blei det nyleg søkt om løyve til å lande ein BBC‑reporter i fjellheimen for å ha dei spektakulære fjella i bakgrunnen til reporteren som prata om «Universet sine underverk». Ørsta får nok reklamen sin dei, i den grad slike bilete kan identifiserast av folk flest til Ørsta. BBC er nøgd. Det er Naturvernforbundet også. Fjellheimen også forresten.

Kan hende er det noko å lære av denne saka for andre. For i dette tilfellet blir reporteren plassert rett bakom toppen av eit fjell der det er stor verksemd med skisenter og heile pakka. I dette området er det såpass med støy frå før at litt frå eller til ikkje får den store merksemda frå nokon. At ein del Sunnmøringar vil sjå på filminnslaget kvar det er laga gjer heller ikkje noko. Alle desse veit kor alle godbitane som virkeleg er spektakulære finst, og dei gler seg ekstra til å gå dit på sine eigne bein ved neste høve når dei veit at helikopter og filmfolk ikkje durer inn i lag med dei kva tid som helst. Dei andre som held seg slike stader har det nok også bra, og då tenkjer vi på tobeinte med medfødde vengar og kanskje nokre firbeinte med. Dei som ikkje er så kjende i området er godt nøgde med å vite at Sunnmørsfjella er så fine.

Kan ein tenke på same måten som sakshandsamarane i Ørsta også andre stader i fylket? Så klart kan ein vel det. Ein kjent alpinist som vil til fjells med filmkamera på slep andre stader i fylket har vel ikkje blitt så fin på det at dei fjella han skal køyre må vere verna? Det er mogleg av det finst nokre i stuntskiløparmiljøet som vil rynke litt på nasen over at det er «flate» fjell som er valde, men akkurat dei veit godt kvar dei vil hen utan ein slik film. Resten kan bli godt nøgde likevel. Skulle stjernealpinisten likevel ha lyst til å setje utfor verna høgalpine fjell langt frå folk, så kan han jo trakke inn der sjølv utan filmteam, som ein dessert etter at opptaka er gjort. Er han godt trent så klarer han vel det? Og står det dårlegare til så får han ta skitrekket opp og nøye seg med område ikkje så langt unna.

Kva med dei som alt er lokka til fjellheimen? Når dei er på sin drøymetur og kjendisen sitt helikopter skjær gjennom idyllen, kva seier de til dei? Og kva seier de til dei som no let seg lokke og kjem i same situasjonen når kjendisen kjem året etter for å gjere ein ny og betre film?

Noko av det Naturvernforbundet aller helst vil sjå i denne saka er kommunar som seier: Vi har mange fine fjell. Dei finaste får du ikkje sjå på film, for dei er for verdifulle til at vi slepp støyande helikopter inn til dei. Dei har vi verna for at dei som vil skal få bruke dei med dei beste naturkvalitetane vi kan tenkje oss. Velkomen til oss for å bruke dei.

Øystein Folden, leiar

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal