Vi vil sjå reknestykket

Lesarbrev frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Noregs største containerhamn er under planlegging, og skal snart vere fullfinansiert. Dei som står bak driv eit rått spel. Andre interesser som blir råka ser ut til å skulle få så lite tid på seg som berre råd, medan utbyggerinteressene held på med sitt og bondefangar politikarane.

Til no er det ikkje konsekvensutgreidd noko som helst, og det er heller ikkje lagt fram noko melding for kva som skal konsekvensutgreiast.

For Naturvernforbundet sin del ber vi no om å få sjå utrekningane som viser at geografisk plassering i Gjemnes er optimal. Klimagassutslepp knytt til transport må ned, og det ganske mykje. Skal det etablerast store einingar innan transport, er første vilkår at dette fører til så korte transportar som mogleg. Viss det matematiske knutepunktet ligg på danskekysten eller på Karmøy, så er Gjemnes som lokalisering ein svært dårleg ide. Då kan prosjektet i Gjemnes leggast bort utan meir utgreiing.

Utfordringa frå Naturvernforbundet er altså: Legg ut dokumentasjon på kvar ei slik hamn må ligge for å få minst mogleg klimagassutslepp, slik at alle som treng det kan få setje seg nærare inn i det.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal