Vigra: Høringsuttale og invitasjon til samarbeid frå Naturvernforbundet i Ålesund og omegn

Naturvernforbundet i Ålesund og omegn har fått til uttale ei høyring av utviding av tryggleikssonene på flyplassen på Vigra og har gitt ligg nokre kommentarar til denne saka. Naturvernforbundet meiner folk på Vigra bør vere stolte av dei naturverdiane som finst på øya. Desse naturverdiane må vere sentrale i diskusjonen om korleis den vidare utviklinga av Vigra skal vere, både når det gjeld busetting, næring og transport. Naturvernforbundet vil oppmode Giske kommune og Avinor til å vere med på ei vurdering av korleis forvaltninga av dei rike verneomåda på Vigra skal vere framover. Etter vår meining vil det vere mogleg å etablere eit samarbeid om dette innan rammene til KS sitt nye prosjekt «Livskraftige kommunar».

Naturvernforbundet har sendt uttalen til Giske kommune og til Avinor, med kopi m.a. til KS i fylket.

Når det gjeld utvidinga av flyplassen konkret, er Naturvernforbundet sterkt imot flytting av vegen vest for flyplassen ned i strandsona og inn i naturreservatet.

For mer informasjon kan leder Kjersti Finholt i Naturvernforbundet i Ålesund og omegn kontaktes på telefon 92 29 97 38. Ja, dette er viktig. Jeg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Jeg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Les uttalen frå Naturvernforbundet i Ålesund og omegn

Invitasjon til å vere med i prosjektet ”Livskraftige kommunar»

Konsekvensutgreiing for utviding av tryggleikssonene til flyplassen på Vigra

Planprogram for utviding av tryggleikssonene til flyplassen på Vigra

Framlegg til framdriftsplan

Framlegg til kart – reguleringsplan

Informasjonsbrev om «Livskraftige kommunar»

Utviding av sikkerhetssoner og dispensasjon frå verneforskrift

Blindheimsvik naturreservat Foto: Direktoratet for naturforvaltning