Viktig med naturmangfald også

Fjord har lagt sin energi- og klimaplan ut på høyring. Naturvernforbundet har sett på nokre avsnitt om skogen si rolle. Det er mykje rundt skog og klima som har kome litt skeivt ut og treng ei justering.

Fjord kommune vil ta sin del av ansvaret for klimaet. Det er vel og bra. Dei kommunane som framleis ikkje har gjort det, må få opp farta. Dette hastar.

Det er ikkje berre klimaet som er i krise, men også naturmangfaldet. Det er «biologi» over alt som har sine store og små oppgåver for at vi menneske skal kunne leve her på jorda. Blir det krøll med biologien, er det lite hjelp i klimaplanar.

Skog og klima er eit stort tema. I Møre og Romsdal har vi mykje skog. Vel å merke viss ein med skog meiner meir enn granskog. Naturskogen i Møre og Romsdal er ei blanding av furu og lauvskog.

Som alle andre stader var det rovhogst gjennom århundre, slik at vi for hundre år sidan hadde eit lågmål. Etter den tida har det vore tilbakebetalingstid. At skogen har auka på i hundre år, tyder ikkje at han samlar eit overskot av karbon no. Først må alle avdrag på gjeld betalast. Når alt er i orden skal skogen binde ein del karbon, som kompensasjon for alle to og firbeinte som pustar ut CO2.

Å hogge skog no for å plante nye tre, er ikkje svaret på kloden sine behov. Då vil mykje karbon sleppast fri dei første åra, og det blir mykje skog som samlar lite karbon dei første tiåra. Heilt motsett av det som trengst. Naturvernforbundet gjev difor Fjord kommune råd om å ta godt vare på furuskogen sin, og skrive om energi- og klimaplanen.