Viktige vindkraftspørsmål må ha svar no

Naturvernforbundet sender brev til alle medlemmene på Søre Sunnmøre. Fram til 1. oktober 2019 er NVE sitt forslag til område prioritert for vindkraftutbygging på høyring, og Naturvernforbundet treng hjelp frå medlemmene for å identifisere konfliktsaker.

Naturvernforbundet ønskjer innspel om korleis dei ulike områda blir nytta og kva naturverdiar som er registrert i desse. Dette gjeld både informasjon om fuglar, som viper og rovfugl, men også om andre verdiar som kan bli råka av vindkraftutbygging.

Aller helst ønskjer Naturvernforbundet seg fleire medlemmer og eit aktivt lokallag i området.