Vil du vere med på slåttedugnad?

Naturvernforbundet inviterer til slåttedugnad på Vollasætra i Sunnda 14. – 17. august. I samband med slåttedugnaden blir det også markering av 100 årsjubileet til Norges Naturvernforbund.

Vi brukar nokre timar kvar dag til slått. Resten av tida går vi tur eller brukar til andre ting.

Naturvernforbundet står for kost og losji for dugnadsfolket.

Det er ikkje berre snakk om ljåslått. Mykje slags arbeid skjer i slåtten. Raking høyrer med, riving av blåbærlyng og bjørkeris, klipping av ris vi ikkje får opp, hakking av tuer og anna. Det er reiskap som også barn under ti år kan nytte.

Ta kontakt med Øystein Folden om du vil ha meir informasjon eller vil melde deg på ein eller fleire av dagane.

Telefon til Øystein Folden er 91 81 25 42, epost er moreromsdal@naturvernforbundet.no