Vil fylkespolitikarane stille miljøkrav til fergene?

Torsdag 13. september skal Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal drøfte nye krav til fylkesvegfergesambanda i Romsdal og på Sunnmøre. Naturvernforbundet spør no utvalet om dei vil stille miljøkrav.

Bakgrunnen for spørsmålet er at fergetrafikken representerer store utslepp av klimagassar og andre forureiningar. Samstundes er det utslepp det er mogleg å gjøre noko med, særlig i ein anbodsprosess. Samferdselsutvalet skal no drøfte krav til materiellet på sambanda Småge – Orten – Finnøy – Sandøy – Ona, Molde – Sekken og Hundeidvik – Festøy.

Fleire av dei politiske partia i Møre og Romsdal har programfesta dette som eit miljøtiltak, men hittil har ingen foreslått konkrete tiltak. Naturvernforbundet har tidlegare heller ikkje fått svar på direkte spørsmål til dei partia som har programfesta dette om kvifor dei ikkje gjør som dei seier. Ja, dette er viktig. Jeg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Jeg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet