Villblomstenes dag – Tingvoll
Søndag 15. juni er det igjen tur for å sjå på blomar. Turen startar frå Coop i Tingvoll kl. 13.00

Biletet er frå staden der Villblomstenes dag var sist i Tingvoll. Denne gongen skal vi leite blomar i eit heilt anna miljø, nemleg vegkantar og grøftekantar og kan hende litt «skrotemark» i Tingvoll sentrum. Både gravemaskinar og plenklipparar har tatt for seg, men likevel finst noko igjen.
Dei som vil vere med møter ved Coop i Tingvoll 15.6. kl. 13.00. Vi kjem til å halde oss langs gangveg og nokre lite trafikkerte område som er tilgjengelege med barnevogn og rullestol om så.
Dei som møter får kvart sitt vesle hefte der dei kan krysse av ein del av det vi finn. Ta med blyant! Turen vil vare eit par timar. Dei som tykkjer det er nok med ein mindre dose, kan bestemme sjølv om dei vil slutte av før.
Villblomstenes dag blir arrangert av Norsk Botanisk Forening og Naturvernforbundet i Tingvoll i samarbeid.