Villeiande marknadsføring av «miljøvennlege» bilar
I ei bilannonse i Tidens Krav er overskrifta «Vil du ha en bil som er miljøvennlig, eller en som er veldig miljøvennlig?». Naturvernforbundet i Møre og Romsdal meiner det ikkje er dekning for å seie at ein bil er miljøvennlig, og har klaga saka inn for Forbrukerombodet.
Det var ein annonse for Saab 9-5 TiD 150 hk («miljøvennlig») og Saab 9-5 Biopower 180 hk («veldig miljøvennlig») som har fått Naturvernforbundet til å sende klage.
Naturvernforbundet meiner det er synd at det er nødvendig å reagere på marknadsføringa slik. Det er mange biler som skader miljøet meir enn desse, men det blir likevel heilt feil å bruke «miljøvennlig» om ein bil, og særleg når det er såpass unøyaktig og til dels feil som i denne annonsa.
Forbrukerombodet og bilbransjen har elles utvikla felles retningslinjer for marknadsføring av bilar. Det kan sjå ut til at desse retningslinjane ikkje er kjent av dei som har laga annonsa.
Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar