Vindkraft i Fræna? Og Aukra?

Leserinnlegg om vindkraftplanlegging.

Vindkraft i Fræna? Og Aukra?

Ordførar i Fræna seier den 15. mars seg lei for at Fræna bruker meir energi enn dei produserer, i samband med at kommunestyret vende tommelen ned for både Statkraft sitt landbaserte vindmølleprosjekt og meldinga for havanlegget frå Havgul.

Naturvernforbundet deler ikkje ordføraren sitt engasjement for å få bygd Statkraft sin vindpark, sidan naturverdiane i det området er påvist å vere både store og viktige. Men det er viktig at dei som har glede av å vere storforbrukare av kraft også kan ta ansvar for å produsere meir kraft utan at andre får ulempene.

Naturvernforbundet vil difor utfordre Fræna kommune til å vurdere areala i sin kommune med omsyn til om dei er eigna til vindkraft eller ikkje. Men det er viktig å byrje i andre enden enn det vindkraftprodusentane har gjort. Kommunen får ta fram kartet, fargelegge areal som er verdifulle i andre samanhengar (kultur, natur, friluftsliv, næringar som ikkje kan kombinerast med vindkraft osb.). Dei bitane av kartet som ikkje er fargelagde er dei områda som kanskje kan nyttast til vindkraft. Kartet har ikkje status som noko som helst, men er rett og slett ein grovsil. Søknader om vindkraft i desse områda må sjølvsagt gjennom dei vanlege vurderingane som melding, konsekvensutgreiing og konsesjonsvedtak.

Sjølv om Naturvernforbundet gjerne skulle ha sett at dette sorteringsarbeidet blei gjort grundig, meiner vi at sjølv eit ganske enkelt sorteringsarbeid gjer stor nytte. Når ein sakshandsamar har samla saman opplysningar i to veker og fargelagt kartet etter det, og så ei kunngjering slik at andre kan kome med ytterlegare opplysningar ein månads tid, då har kommunen fått eit godt grunnlag for kanalisering av nye søknader.

Ordførar på Aukra kan også få utfordringa. Både Fræna og Aukra har (får) vel overskot på varmvatn til fjernvarme, så den andre bærekraftige energikjelda for flate landskap, bioenergi, skal andre få utfordringar om.

Øystein Folden Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal