Vindkraft i Tingvoll?

Kva gjer Naturvernforbundet?

Skjermdump frå brosjyre frå Fred Olsen Renewables.

Så langt har ikkje Naturvernforbundet sett vindkraftprosjekt av nokon storleik som har vore så gode og med akseptable verknader på naturen, at dei har blitt tilrådde. Det er førebels ikkje noko som tilseier at prosjektet til Fred Olsen Renewables er vesentleg betre.

Naturvernforbundet i Tingvoll fekk tak i dei første dokumenta 23.10. 2023. Kommunen leverte dokumenta veldig fort, etter at søk på postlista ikkje hadde ført til noko. Det er som det pleier å vere, Naturvernforbundet er mellom dei siste som får vite noko, og ingenting kjem av seg sjølv. Så får Naturvernforbundet kortare tid til å samle aktuell kunnskap om naturen før det heile skal bli avgjort.

Illustrasjonen er ein skjermdump frå Fred Olsen Renewables brosjyre. Med fiolett kan ein sjå innteikna kabeltrasear. Kabel leggast i vegtrase, står det. Vegtrasear der ein skal frakte 75 m lange propellblad må ha lite med kurvar. Ein veg på skrå på austsida av Herresdalsvatnet ser ut til å vere løysinga. Eller frå Gyl. Luftleidning er også nemnt som alternativ. Snaraste strekninga er over til Høgfjellet/Hesten.

Viss du har naturobservasjonar frå området som dette prosjektet kjem borti, så del dei gjerne med Naturvernforbundet.

For å gjere det lettere å sjå for seg korleis vegen kan bli på austsida av Herresdalsvatnet har Naturvernforbundet lagt inn ei fiolett line på foto frå området. Det er tale om ein veg med breidde 6 meter på rettstrekker og meir i svingane.

Herresdalssetra er rett ut for biletkanten til høgre.