Vindkraft – kva no?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

NVE sitt framlegg for å finne fram til eigna område for vindkraftproduksjon har møtt veggen. Slik går det når ein er for grådig og ikkje har følarar ute i folket. Dermed blei det politisk for tungt å fullføre.

Ein plan slik som den som var på høyring var ei form for styring av vindkraftinngrepa som vi har mangla. Men denne planen hadde eit omfang som i alle fall var heilt uaktuelt. Det skuldast nok at det var lettare å teikne kartet for kva vindkraftindustrien ville ha enn å ha oversyn over alle dei andre interessene. NVE har høyrt mest på vindkraftindustrien, og fekk slik sett som fortent. Det er bra at denne planen ikkje blir vedtatt.

Når planen no er skrota, så må vi rekne med at einskildsøknadene kjem der det lønar seg mest. Det blir det masse jobb med, og manglane som ligg i konsesjonssystemet blir lett avgjerande for utfallet. Det er ei veldig dårleg løysing. For å bøte på ein del manglar vi stadig ser når det gjeld kunnskapen om naturen i slike område, reknar vi med at Naturvernforbundet må ut på tur for å gjere eigne undersøkingar. I årevis har småkraftsøknadene bestemt kor vi har gått på tur, no kjem det fort nye turmål som følgje av vindkraftsaker.

Viss planen som var på høyring hadde blitt redusert betydeleg ved at store areal blei kasta ut, så kunne det vore meir overkomeleg å sjå nærare på det som var igjen. Om ein då finn nokon stad der vindkraft er akseptabelt, er nok litt usikkert.

Det er ikkje sikkert at ein har leita på rett stad for å kunne drive med vindkraft. Viss det no blir leita med nye auge, så kan det hende ein oppdagar nye måtar å nærme seg dette på som er langt mindre konfliktfylt. Men vindkraft har verknad på mykje, så det er slett ikkje sikkert det er der vi finn løysinga for framtida.

Viss ein heller vil leite etter løysingane på heilt andre måtar, så er det ulike energisparingstiltak som kan hjelpe godt på. Andre energitypar som sol og jordvarme er også døme på tiltak som kan vere interessante. Reiser vi i tillegg mindre, bygger mindre hus og reduserer forbruket vårt på ulike vis, vil vi fint nå i mål når det gjeld energibruk og energiproduksjon i Noreg.

 

Øystein Folden, leiar

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal