Vindmøller i hytt og pine?

Naturvernforbundet har lenge arbeidd for å få til utbygging av nye fornybare energikjelder som vindkraft. Vi ønskjer at vindkraft i framtida skal ha ei viktig rolle i energiforsyninga i Europa. For at dette skal vere mogleg må vi planlegge utbygginga på ein måte som gjer at inngrepa ikkje blir for store.

I vår går fristen ut for å uttale seg til vindparkanlegg i Fræna og i Haram. Konsekvensutgreiinga er lagt fram, og det normale er at det no kan gjerast vedtak om utbygging eller ikkje.

For få veker sidan kom så meldinga om Havsul, dei fire vindparkane til havs i delvis same områda. Her er det tale om ei melding som skal føre til ei konsekvensutgreiing.

Viss det går riktig gale no, blir det gjort vedtak om utbygging på land, og om eit år får vi kan hende utgreidd at vindpark til havs er meir fordelaktig. Er det først gjeve løyve på land, og det er meir fordelaktig å bygge til havs, då blir det vel og bygd ut til havs. Då blir det sikkert ein attraksjon å bu på landstripa mellom vindparkane.

Naturvernforbundet håper det ikkje går så gale. Søknadene om vindparkar i Fræna og Haram må no leggast på is til Havsul er ferdig konsekvensutgreidd. Det er nødvendig å sjå desse sakene i samanheng. Skal noko av dette byggast ut, bør det vere det beste alternativet, ikkje det som først er utgreidd.

Naturvernforbundet ser store problem knytt til dei omsøkte vindparkane på land både i Fræna og Haram, utan at vi har trekt nokon endeleg konklusjon for kva vi vil uttale.

Vindkraft er i utgangspunktet ein fornybar ressurs. Viss det blir bygd vindmøller på område med små og få konflikter, kan vindkraft gje eit nyttig bidrag til kraftproduksjonen på stader der alternativet er nye kraftliner. Naturvernforbundet ba for fleire år sidan om at det blei laga ei analyse på nasjonalt plan som viste kva område som var uaktuelle for vindkraft pga. ymse konfliktar. Så kunne aktuelle søkjarar konsentrere seg om dei stadene der konfliktane i utgangspunktet var mindre.

Men det har gått som med fossane våre. Dei mest lønsame for utbygging går først, og etter ein del utbygging kan vi sjå at vi skulle hatt nokre av dei urørte. Vi lærer aldri. Som kjent er det lov å gjere noko dumt ein gong. Å gjere same dumme tingen ein gong til, det må vel reknast som berre dumt.

Øystein Folden Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal