Vindøla i Surnadal – trekk søknaden om utbygging!

Norges Småkraftverk AS har sendt inn ei melding om utbygging av Vindøla i Surnadal. Naturvernforbundet ber i si fråsegn om at denne saka blir trekt allereie no, slik at ikkje utbyggar kaster vekk meir pengar på utgreiingar.

Naturvernforbundet meiner at ein må innsjå at det er nærast slutt på utbyggingsmoglegheiter når det gjeld vasskraft i Surnadal. Bortsett frå delar av Toåavassdraget og Søya, er det nesten berre dei lågtliggande vassdraga med lite fall som ikkje har kraftverk i Surnadal kommune. Sjølv dei store elvane utan særleg fall er sterkt prega, t.d. med omsyn til fisken. Når det gjeld dei to førstnemnte så er desse varig verna mot kraftutbygging, men særleg Søya har fått hard medfart på andre måtar, og Toåa har heller ikkje gått fri. 

Vindøla, den delen som ikkje er direkte utbygd, representerer såleis siste rest av eit større vassdrag med fall nokon lunde utan påtrengande tekniske inngrep. Store bekkekløfter har blitt ein skugge av seg sjølv i Folla og Svorka, Vindøla er einaste som har store verdiar igjen, sjølv om vassføringa er for lita samanlikna med det ho burde ha vore. Bekkekløfta på omsøkte strekning er elles undersøkt i den store bekkekløftundersøkinga, og gitt svært høg verdi med omsyn til verneverdiar knytt til skog.

Det er gjort ei naturtypekartlegging i området, først og fremst i form av bekkekløftprosjektet. Prosjektet gikk ut på å kartlegge om det var verneverdiar knytt til denne bekkekløfta, og det er det i høgste grad, sidan konklusjonen gir 5 stjerner og nasjonal verdi. Det er viktig å merke seg at denne kartlegginga var ei skogkartlegging og ikkje ei kartlegging knytt til vasstrengen. Såleis er naturverdiane knytt til vasstrengen ikkje kartlagd i det heile. Det er fleire parti av elva som har såpass fall at ein får fosserøyk. Vidare går elva gjennom bergartar som gir noko basisk påverknad.

Det er også klart at ein del av områda nær vasstrengen ligg i skugge. I samband med bekkekløftkartlegginga blir det også peika på at det ein del stader finst ein del daud ved, så ein kan i alle fall ikkje heilt sjå bort frå denne faktoren for enkelte parti av vasstrengen. Alt i alt gir dette ein del føresetnader for at det er krevjande artar knytt til vasstrengen i dette vassdraget, og dette er knapt undersøkt frå før. Elvemuslingen er påfallande fråverande i Surnadal når ein ser på artskart. Om det skuldast at han ikkje høyrer til i kommunen, er komen bort, eller at det skuldast manglande kartlegging, veit vi ikkje, men det er vesentleg at ein får klarlagt dette. Elles har vi fått opplysningar som tilseier at det i alle fall har vore ål i Vindøla.

Viss Vindøla skal vurderast for utbygging, er det svært viktig at ein gjer spesielt grundige undersøkingar med omsyn til biologisk mangfald, då det både kan vere tale om store verdiar og at det tar til å bli få slike stader igjen som ikkje er påverka meir enn Vindøla.

Men vi meiner at vi alt ut frå den kunnskapen som finst bør avvise denne utbygginga. Konfliktane vil vere svært store. Såleis meiner vi at det vil vere umogleg å gje løyve til denne utbygginga. Vi ber difor tiltakshavar om å trekke saka, eventuelt at NVE avviser eller nedprioriterer denne søknaden som følgje av uakseptable konsekvensar for naturmiljøet.