Vinnar av Naturvernforbundet sin klimaverstingspris

Lesarbrev frå Naturvernforbundet.

Det finst relativt godt med søknader til verstingsprisen når det gjeld klimatiltak også i vårt fylke. Jan-Egil Korseberg som forslagsstillar og Molde bystyre har levert ein ualminneleg god søknad til verstingprisen. Under innspurten av klimamøtet i København der dei store sluntra unna følgjer bystyret opp med å vise kvifor vi har fått eit klimaproblem. Bystyret sitt vedtak har som siktemål å få fleire til å køyre bil til Molde sentrum.

Ein gong i ikkje så fjern framtid må klimagassutsleppa frå trafikken vår reduserast til mindre enn ein tredel av det vi har no. Då må vi køyre mindre, og den køyringa vi driv med må vere med vesentleg lågare utslepp. Her må noko gjerast, og dette kan vi begynne med no med ein gong.

I byane er det tre tiltak som klart hjelper, og som det let seg gjere å gjennomføre. Det er å gjere det noko dyrare å køyre bil inn i byen, gjere det vanskelegare å parkere og gjere busstilbodet langt meir attrativt.

I dette høvet ser det ut til at Molde bystyre har vilje til å bruke pengar på eit trafikkprosjekt. Det er mykje mogleg dei vil oppnå same effekten av å spytte pengar inn i eit betre busstilbod i staden. Truleg er det lettare å handle med utgangspunkt i sentrum enn utanfor viss ein kjem med buss. Som ein sideeffekt kan ein då få reduserte klimagassutslepp framfor at dei aukar. Viss dette med klimagassutslepp ikkje er viktig for Molde kommune, kan dei noverande politikarane sjå heilt bort i frå den sida av saka. Men grei ut dette med å bruke pengane på buss likevel sidan det kan bli like bra løysing. Så kan veljarane velje nokre andre politikarar som tenkjer på klimagassutsleppa ved neste høve. Veljarane vil gjerne selje den eine av dei to bilane i familien og ta bussen i staden.

Dei andre byane i fylket har ingen grunn til å gni seg i nevane for at dei denne gongen går glipp av klimaverstingsprisen. På dette området er kreativiteten stor, og klimagassutsleppa er langt utanfor politikarane sin tanke stadig vekk.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen