Vinnu og rett rekkjefølgje

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Vinnutrappas venner fortel gjennom Aura Avis at det er viktig å få med seg formalitetane. Samtidig seier dei at dei håpar å vere i farta med bygging til våren. Då er det nok på tide med litt bakkekontakt.

Vinnutrappa er såpass til tiltak at det skal godkjennast etter plan- og bygningslova. Før det kan godkjennast noko der, skal det til ei vurdering etter naturmangfaldlova. Som Per Steinar Husby seier, «Vi har fantastisk natur». Men kva slags natur har vi i dette området? Vi veit litt om det, men det er mykje vi ikkje veit. Det må vi faktisk vite noko om, før ein set i gang med eit slikt tiltak. Natur er ikkje berre ein formalitet.

Den sørvendte dalsida i Sunndalen er spesiell. Her er rasområde av ulike slag, stadvis rikt jordsmonn, og ikkje minst varme. Dette blir stadvis stykka opp av vatn som kjem nedover lia. Akkurat det med vatn er ei sak for seg sjølv, sidan ein god del vatn alt er slukt av kraftutbygging.  

Så høgt som det går hassel og alm er det i alle fall tilhøve for mange soppartar. Der snøskreda legg lauvskogen flat år om anna, blir det spesielle miljø for insekt. Insekta er ei mangfaldig gruppe og det er mange stader både i skogen og høgare opp der ein må vente å finne artar som ikkje er vanlege andre stader. Både sopp og insekt treng observasjonar gjennom ein heil barmarksesong, helst fleire, for å bli godt kartlagd. Sjølv om vinteren er rar for tida, så går det ikkje an å gjere unna slikt arbeid i mars.

Vinnutrappas venner kan roe ned litt. Det er mogleg det kan bli aktuelt med bygging av trapp til våren, men det er i så fall tidlegast våren 2021. Å marknadsføre eit naturprosjekt i reiselivssamanheng der ein bygger først og finn namna på det ein rydder ut etterpå, det kan fort bli tungt. Slikt har vi slutta med i Noreg. Å legge opp til noko slikt, det er å sikre seg at det kjem klager. Då går tida.

Rett rekkjefølgje no er å ta kontakt med biologar som kan levere på insekt og sopp i alle fall, og lage eit prosjekt for kartlegging gjennom heile sommarsesongen. Så vil ein få svar på om ein kan bruke neste vinter til å planlegge trapp. Truleg trengst det ei konsekvensutgreiing og ein reguleringsplan også. Slikt tar tid, og det går endå meir tid viss ein prøver å hoppe over slikt noko.

 

Øystein Folden

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal