Vinnu – suveren turistmaskin?

Lesarinnlegg i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Sunndal – ein halv preikestol? 150 000 turistar til skogs og fjells i Sunndal? I følgje Aura Avis er visst nokre nærare skyene enn dalbotn allereie. Om eit år kan eventyret alt vere i gong, blir det sagt.

Før ein gjer så mykje meir med denne saka, bør nokon sjå etter om det er nokon i området frå før. Ein naturleg stad å finne ut av slikt er Naturbase. Der finn ein at det er ein rik edellauvskog verdi A langs lisida i dette området. Artsmangfaldet er både stort og spesielt. Ein annan stad å sjå etter er Artskart. Når ein tar med ein buffer på båe sider, finn ein i alt 22 artar i kategori sterkt truga og sårbar. I tillegg er det nok ein eller fleire skjerma artar, slike som ikkje kan søkjast opp i opne kjelder. Det gjeld artsgrupper som dyr, fugl, sopp, lav karplanter og ikkje minst insekt. Det er ikkje mange stader som kan konkurrere med dette. Vinnufossen og området rundt har langt på veg unike kvalitetar som natur og ikkje berre turistmål. Rett og slett suveren natur.

Området kring Vinnufossen er ein del undersøkt, men om det er godt undersøkt er nok tvilsamt. Viss området kan bli ei turistmaskin, er det i alle fall nødvendig å undersøke eit større område ganske nøye. Det er då viktig å undersøke ein del artsgrupper som ein til vanleg ikkje undersøker, sidan det er så mykje anna som det finst spesielle ting av. Kommunen må nok finne fram miljøvernrådgjevaren sin, så dette blir klarlagt før alt er fastlåst.

Kanskje ein bør legge slike anlegg til motsett side av dalen? Så kan ein gå trapper der naturen er fattigare, og sjå over til den rike sida som framleis har naturkvalitetane i behald? Vinnu er nok suverent finast utan 500 blå og raude, gule og fiolette flekkar som rører seg oppetter fjellet.

 

Øystein Folden, leiar

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal