Vinterløyper i Moldemarka – har Markarådet noen funksjon?

I Romsdals Budstikke kunne vi laurdag 2. februar lese: «Folk som vil gå til fots om vinteren, skal nå få egne løyper rundt Øverlandsvatnet og på strekninga Grua-Damefallet-Varden.» Molde kommune og MOI skal i felleskap løyse den årlege konflikten mellom skiløparar og andre brukarar av dei preparerte skiløypene i Moldemarka. Dette skal altså gjerast ved å preparere eigne løyper for fotfolket.

Naturvernforbundet kommenterer i eit brev til kommunen tre forhold i denne saka;

Friluftslova.
Store delar av Moldemarka er sikra for friluftsformål. Om kommunen køyrer opp fleire alternative turløyper, vil likevel retten til å ferdast overalt i utmarka ligge fast, jf friluftslova § 2. Det kan kanskje vere verdt eit forsøk med fleire løyper, men uheimla forbodsskilt eller skilt som verkar sjikanøse må ikkje setjast opp. Alle som vil ut på tur i naturen har rett til å kjenne seg frie og velkomne, uansett som dei går til fots eller på ski.

Motorferdsel i utmark.
Naturvernforbundet ynskjer så lite motorisert ferdsel i utmark som råd. Vi stiller spørsmålteikn ved om konflikten er så stor at det er behov for å kjøre opp enda fleire løyper. Turløyper i Moldemarka er av interesse for mange brukargrupper også vinterstid, og eit tiltak som det som er omtala i avisa laurdag, bør difor høyrast av fleire enn MOI langrenn.

Markarådet.
Kvar er Markarådet? Markarådet bør etter vårt syn vere involvert i arbeidet med ein plan for opparbeiding av turløyper vinterstid.

Brevet til Molde kommune