Vollaseterlia

Det er andre omsyn som er viktigare enn å køyre traktor i Vollaseterlia

Øystein Folden
Øystein Folden

Naturvernforbundet har hatt interesse for lia opp mot Vollasetra i alle fall i 20 år. Den opphavelege saka, eit kraftverk let seg ikkje stoppe. Men saka førte med seg at Naturvernforbundet dreiv med restaurering av setervollen mellom 2011 og 2018. Det blei mange turar med ljå oppetter lia til setra. Turen ned lia kunne vere like utfordrande, men både stien, kulturlandskapet og naturen var ei oppleving. Kvar gong.

Eigar har ført slåtten vidare. Det er Naturvernforbundet glad for. Både naturmangfaldet og kulturmangfaldet er stort og fortener å bli godt tatt vare på.

Så viser det seg at eigar vil bygge traktorveg oppover denne bratte lia. Først til slipsteindompa, og no heilt opp til Vollasetra.

Naturvernforbundet har no sendt høyringsfråsegn om saka til Sunndal kommune. Det er andre interesser enn landbruk knytt til dette området. Skal det byggast traktorveg ein slik plass, så skal ein handsame saka som ein reguleringsplan. Det har Naturvernforbundet no sett fram krav om.

Her er både store naturinteresser og friluftslivsinteresser som skal vurderast.

Du kan lese høyringsfråsegna under.