Volvoløysinga i Gent og fossilløysinga i Møre og Romsdal

Sjølv om temaet for lesarbrevet er energi denne gongen også, så kjem det i alle fall med ein heilt ny vinkel. Viss nokon ønskjer å sjå nærare på Volvo si løysing, så skal eg vel kunne formidle det. Send meg ein epost, så skal de i alle fall få ein kontaktperson med epostadresse.

Volvoløysinga i Gent og fossilløysinga i Møre og Romsdal

Volvofabrikken i Gent i Belgia har til no bruka ein del naturgass, men var ikkje heilt nøgde med energiløysinga si. Deira argument var følgjande: ”Ettersom naturgass er fossilt, dvs. bidrar til drivhuseffekten og er ein ikkje-fornybar ressurs, er det inga haldbar løysing. Vi har difor valt å investere i fornybare enegikjelder, dvs. vindkraft og biobrensel.” Dette ifølge Lars Mårtensson, sjef for energisatsinga ved Volvo sine lastebilfabrikkar. Målsettinga er å gjere fabrikken CO2-fri.

Biobrensel for å lage varme er miljømessig ei grei sak, men kva med vindmøllene? Jo, dei skal stå på Volvo sitt eige industriområde. Den krafta dei ikkje får brukt sjølve blir levert til forbrukarar i området.

Dette er noko ganske anna enn det vi held på med i vårt fylke. Her er målsettinga å erstatte importstraum med gasskraft – ambisjonane er ikkje større. Og vindmølleløysingar på eigedomane til industrien som skal bruke krafta er uaktuelt. Her skal dei plasserast i hutaheiti eller der omkring, midt i naturen, med store kraftliner til.

Vi som trur vi er verdsmeistarar i det meste har vel gjerne noko å lære.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar