Ikke løyve til Haugvikelva kraftverk

NVE seier nei til søknad frå Nord-Norsk Småkraft AS om løyve til bygging av Haugvikelva kraftverk i Rødøy kommune i Nordland. Avslaget er hovudsakleg grunngjeve med konsekvensane for landskapet.

Nord-Norsk Småkraft AS har søkt om å bygge Haugvikelva kraftverk med ein installert effekt på 1 MW og ein årleg produksjon på om lag 3,4 GWh.

Haugvikelva renn breitt over bart fjell, og er synleg i eit større landskapsrom. I øvre del av området vil framføring av røyrgate krevje omfattande sprenging og røyret vil vanskeleg kunne tilpassast landskapet på ein god måte. Det er søkt om ein veg i slynger opp lia til inntaket.

NVE meiner at redusert vassføring i Haugvikelva, inngrep forbunde med røyrgata og vegen opp til inntaket vil vere negativt for landskapet. Prosjektet vil også ha negative konsekvensar for reindrifta i området. Alle dei negative konsekvensane må vegast opp mot dei positive konsekvensane i form av ny fornybar energi og samfunnsmessige verknadar som følgje av inntekt. Med ei realistisk minstevassføring for prosjektet, vil årleg gjennomsnittleg produksjon bli mindre enn dei 3,4 GWh som søknaden tek utgangspunkt i.

Samla sett meiner NVE at den produserte krafta vil vere for lita til å kunne vege opp for dei negative konsekvensane som kraftverket vil ha for ålmenne interesser. På bakgrunn av dette gjev NVE ikkje løyve til Haugvikelva kraftverk.

(Kilde: NVE)