NVE sier nei til bygging av Beritelva kraftverk i Saltdal kommune i Nordland

NVE har handsama søknad om bygging av Beritelva kraftverk ved Sulitjelma i Saltdal kommune i Nordland. Beritelva kraftverk får ikkje løyve grunna konflikt knytta til reindrift, landskap, friluftsliv, og tap av villmarkspregede områder i Junkerdal nasjonalpark.

Beritelva kraftverk i Beritelva var planlagt med ein installert effekt på 2,3 MW og ein årleg produksjon på om lag 6,7 GWh. Det er registrert store allmenne interesser knytt til vassdraget. Beritelva kraftstasjon er planlagt i kjerneområdet til Balvatn reinbeitedistrikt og vil få direkte påverknad på distriktets særverdiområder som brunst- og kalvingsland. Tiltaket vil kunne slå uheldig ut på reinens trekk- og flyttleier mellom østlige og vestlige deler av området.


Beritfossen har store frilufts- og landskapsverdiar knytt til seg og desse verdiane har ein direkte sammenheng vassføringa i elva. Beritfossen kan sjåast eit stort landskapsrom og verdien av fossen som landskapselement forsterkast ved at mange av dei større fossane i Sulitjelmaområdet er bygd ut.

Bygging av Beritelva kraftverk vil redusere villmarksprega INON-områder innafor Junkerdal nasjonalpark med om lag 5 km2. Området har og andre viktige kvalitetar, blant anna er det registrert 2 viktige naturtypar som vil bli påverka av ei utbygging, om enn ikkje i avgjerande omfang.

Bygging av Beritelva kraftverk vil etter NVE si oppfatning komme i sterk konflikt med verdiane i området, som etter vår meining vert betydeleg påverka gjennom sterkt redusert vassføring og store fysiske inngrep i eit sårbart terreng. Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging.



NVE vurderar utbyggingsplanane til ikkje å vere akseptable i høve til allmenne interesser og girdifor ikkje løyve til bygging av Beritelva kraftverk. Les mer om avslaget ved å klikke her