Revisjon av Tokke – Vinje utbygginga
22.03.06Utbygginga av Tokke - Vinje vassdraget var i si tid landets største kraftutbygging og omfattar mellom anna ca 20 reguleringsmagasin i Vinje og 6 i Tokke kommune. Årleg kraftproduksjon er 4,7 TWh. Vassdragsreguleringslova (1917) gjev høve til revisjon av vilkåra for utbygginga etter 50 år, i dette tilfellet i 2007. I 2002 blei reguleringskonsesjonen gjort evigvarande, medan han før endringa i lova skulle ha vore oppe til ny vurdering etter 60 år, dvs i 2017. Det har gjort det vanskelegare å endre vilkåra i konsesjonen. Det gjeld i fyrste rekke dei økonomiske vilkåra, medan dei miljømessige ulempene slik me har fortått det skal kunna takast opp i full breidde. Kommunane har hatt ein grundig prosess på saka, og det er kome inn mange merknader. Naturvernforbundet har ikkje høve til å i detalj på dei enkelte reguleringane, men har i staden merka seg visse element som gjeng att og som er særleg relevante for natur og naturoppleving i området.
Energi
07.06.2006