Planlegging for høg kraftpris?

Nivået i kraftmagasina er langt under det normale, og for tredje veke på rad var fordampinga større enn nedbøren i dette ekstremt tørre året. I denne situasjonen trudde vi det var opplagt at kraftselskapa tok vare på vatnet, og kanskje importerte litt kraft for å ha noko å gå på mot hausten, men statistikken viser at eksporten hittil har gått for fullt.

Det ser ut til at det er høge kraftprisar som er styrande for produksjon og eksport, ikkje omtanken for å ha nok vatn i magasina mot hausten.  For å koma med nokre tal; i veke 28 eksporterte Noreg 0,25 TWh, og hittil i år har eksporten vore 3,5 TWh, eller 4,4% av produksjonen.  Med få unntak har eksporten gått for fullt kvar einaste veke i 2018.

Korleis blir kraftsituasjonen til hausten og til vinteren dersom det tørre veret held fram ei stund til, og det berre kjem normalt med nedbør?  Får vi ein haust med spesielt høge kraftprisar på grunn av lite vatn i magasina?

Når Noreg driv med storstilt eksport, til og med i denne værsituasjonen, kan i alle fall ikkje kraftmangel bli brukt som argument for å byggja ned enno fleire naturområde i Snillfjord og andre stadar i Trøndelag med vindkraftanlegg.

Mads Løkeland og Knut Bonvik
Naturvernforbundet i Orklaregionen

PS: