Årsmøte med faglig program
Naturvernforbundet i Orklaregionen avvikler årsmøtei på biblioteket på Orkanger 6.mars kl.18
Natur- og miljøvern i nye Orkland kommune
Du kan markere av 6. mars kl 18:00 i kalenderen om du vil delta på det opne møtet om natur- og miljøvern som blir arrangert av Orkdal Folkebibliotek, Naturvernforbundet i Orklaregionen og Urvatnets venner. Der blir det sett fokus på dette viktige området i den nye storkommunen Orkland.
Ordførar Are Hilstad i Meldal kommune er leiar av fellesnemnda for nye Orkland kommune og vil informere om plassen til natur- og miljøvern i arbeidet med organiseringa av Orkland kommune, mens seniorrådgjevar Jan Erik Andersen frå Fylkesmannen vil informere om arbeidet med naturreservat i regionen.
Du vil også få fagleg påfyll om kvifor det er viktig med god forvalting av raudlista naturtypar som slåttemark og slåttemyr i Bjørndalen, Grytdalen og ved Urvatnet, og om forvaltning av kroksjøar/ kjeler langs Orkla.
Kvifor er det så viktig å ta vare på myr? Tidlegare var det populært å grøfte myrområde, mens ein i dag diskuterer korleis ein best kan bevare og restaurere myr for å ta vare på myras evne til å lagre karbon, redusere flomfaren og ta vare på myras biologiske mangfald. Etablering og forvalting av naturreservat kan vera ein veg å gå for å ta vare på myrområde.
Før Orkla vart regulert, sørga dei årlege vårflaumane for å reinske opp i kroksjøane/ kjelene langs elva, men i dag gror dei att. Korleis skal ein planmessig forvalte kroksjøane? Kan det vera ein god idé å vurdere om det er aktuelt å etablere naturreservat som omfattar kroksjøar ved Orkla?
Dette er blant dei mange spørsmåla som du kan vera med på å diskutere.
Etter det opne møtet blir det årsmøte for Naturvernforbundet og for Urvatnets venner.